Tarald Myrum: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
ein start
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
omkat
Line 12: Line 12:
[[Kategori:Bønder]]
[[Kategori:Bønder]]
[[Kategori:Senterpartipolitikere]]
[[Kategori:Senterpartipolitikere]]
[[Kategori:Ordførere]]
[[Kategori:Ordførere i Valle kommune]]  
[[Kategori:Personer fra Valle kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1952]]
[[Kategori:Fødsler i 1952]]

Versjonen frå 8. desember 2010 kl. 14:41

Tarald Myrum (fødd 19. september 1952) er bonde i Valle kommune. Han har vore aktiv i politikk og var ordførar i Valle frå 1992 til 1999, då Steinar Kyrvestad overtok vervet. Tarald Myrum representerer Senterpartiet i Valle og har også vore leiar av Aust-Agder Senterparti og medlem av Aust-Agder fylkesting for Senterpartiet. Der er han medlem av fylkesutvalet og leiar av fylkesvalgstyret.

I tillegg til politikken har han vore sterkt engasjert i Valle IL, der han har vore leiar ei årrekke. Han var pådrivar for å få reist Vallehalli medan han var ordførar. Sjølv er han aktiv på ski og har gått Sesilåmi ei rekke gonger og er med i leiinga av rennet.

På garden driv han og kona Randi Gåserud Myrum melkeproduksjon og har som ein av dei fyrste i Setesdal fått installert melkerobot i fjøset. Dei har sonen Lars Tarald Myrum. Tarald Myrum er styreleiar i Setesdalstunet AS, eit selskap som eig fleire av bygningane ved Riksveg 9 i Valle sentrum, mellom anna bygningen der Valle Radio held til.

Eksterne lenker