Nils Hegland: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Litt redigering (avsnitt)
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Føyd til minneord om Hegland + ekstra kilde
Line 5: Line 5:


Namnet til Nils Hegland er hoggen inn i [[Minnesteinen ved Evje kyrkje]], som er reist til minne om dei frå Evje som sette livet til for fedrelandet i krigen 1940-1945. Gata gjennom Evje sentrum, frå avkjøyrsla frå RV-9 sør for Info-bygget til ho møter [[Arendalsvegen]] nord for sentrum, heiter [[Nils Heglands veg]].
Namnet til Nils Hegland er hoggen inn i [[Minnesteinen ved Evje kyrkje]], som er reist til minne om dei frå Evje som sette livet til for fedrelandet i krigen 1940-1945. Gata gjennom Evje sentrum, frå avkjøyrsla frå RV-9 sør for Info-bygget til ho møter [[Arendalsvegen]] nord for sentrum, heiter [[Nils Heglands veg]].
Under årsmøtet i det nyskipa [[Evje idrettslag]] [[8. desember 1945]] sa [[Olav Moe]] fram nokre vakre minneord om tre av idrettsvenene som ikkje var komen heim att frå Tyskland. Mellom desse var altså Hegland:
''Nils Hegland var ei sjeldan kraft for idretten i Evje, og vi saknar han mykje. Når vi i dag er komne så langt at vi har to fine hoppbakkar - ein for øving og ein for tevling - så er det mykje Nils Hegland å takke for dette, for det var nok Nils Hegland som gjorde det fyrste spataket i Trollbakken også. Det gjer oss svært vondt å høyra kva desse tre måtte lida før dei bukka under. Men den ånd som var den drivande krafta i idrettsarbeidet deira, skal ikkje døy. Ho skal leva i oss som skal arbeida vidare for framgang og til signing for folk og land''.


==Kjelder==
==Kjelder==
Line 10: Line 14:
*[[Olav Arne Kleveland]], ''[[Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie]]'', jubileumsbok utgjeven av [[Otra IL]], 2010
*[[Olav Arne Kleveland]], ''[[Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie]]'', jubileumsbok utgjeven av [[Otra IL]], 2010
*[[Erik Kjebekk]], ''[[Minne frå ei svunnen tid - historiske gløtt frå Evje og Hornnes]]'', hefte utgjeven av [[Evje og Hornnes sogelag]], 2007, s. 34
*[[Erik Kjebekk]], ''[[Minne frå ei svunnen tid - historiske gløtt frå Evje og Hornnes]]'', hefte utgjeven av [[Evje og Hornnes sogelag]], 2007, s. 34
*Avisartikkel i Fædrelandsvennn (?) 12. desember 1945


{{DEFAULTSORT:Hegland, Nils}}
{{DEFAULTSORT:Hegland, Nils}}

Versjonen frå 24. september 2014 kl. 14:34

Nils Hegland
Født: 14. november 1900
Død: 3. mars 1945 (44 år)

Nils Hegland, Evje, fødd 14. november 1900 og død i tysk krigsfangenskap 3. mars 1945. Han var son til Johan Hegland, fødd 10. april 1873 i Gyland, og Tonette Hegland, fødd 21. juli 1878.

Nils Hegland var utdanna lærar, men hadde arbeidet sitt som kontorist på Evje nikkelverk. Han var leiar i skilaget Ørnen då 2. verdskrigen braut ut. Under okkupasjonen var han aktivt med som leiar i Milorg i Evje. Han blei arrestert av tyskerane, og var i tysk krigsfangenskap til han døydde. Først kom han til Grini fangeleir. Så var han i Natzweiler - Struthof konsentrasjonsleir i Frankrike frå 15. juni 1943 til 5. september 1944. Frå 6. september 1944 var han i Dachau konsentrasjonsleir i Tyskland. Han døydde i Mauthausen fangeleir i noverande Austerrike 3. mars 1945.

Namnet til Nils Hegland er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje, som er reist til minne om dei frå Evje som sette livet til for fedrelandet i krigen 1940-1945. Gata gjennom Evje sentrum, frå avkjøyrsla frå RV-9 sør for Info-bygget til ho møter Arendalsvegen nord for sentrum, heiter Nils Heglands veg.

Under årsmøtet i det nyskipa Evje idrettslag 8. desember 1945 sa Olav Moe fram nokre vakre minneord om tre av idrettsvenene som ikkje var komen heim att frå Tyskland. Mellom desse var altså Hegland:

Nils Hegland var ei sjeldan kraft for idretten i Evje, og vi saknar han mykje. Når vi i dag er komne så langt at vi har to fine hoppbakkar - ein for øving og ein for tevling - så er det mykje Nils Hegland å takke for dette, for det var nok Nils Hegland som gjorde det fyrste spataket i Trollbakken også. Det gjer oss svært vondt å høyra kva desse tre måtte lida før dei bukka under. Men den ånd som var den drivande krafta i idrettsarbeidet deira, skal ikkje døy. Ho skal leva i oss som skal arbeida vidare for framgang og til signing for folk og land.

Kjelder