Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Ny side: :''Denne artikkelen er eit utdrag som omfattar Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde Forslag til '''Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei''' er uta...
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
lenkefiks
Line 1: Line 1:
:''Denne artikkelen er eit utdrag som omfattar [[Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde]]
:''Denne artikkelen er eit utdrag som omfattar [[Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde]]

Forslag til '''Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei'''  er utarbeidd av Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Bakgrunnen for planarbeidet var behovet for ein felles samordna forvaltningsplan for alle verneområda verneområdestyret hadde forvaltningsmynde for. Planen tek i hovudsak utgangspunkt i verneføreskrifter og eksisterande forvaltningsplanar for dei ulike verneområda, samt forvaltningspraksisen verneområdestyret har etablert sidan det vart konstituert 15 mars 2011.

Line 23: Line 23:

Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde omfattar 418 gards- og bruksnummer. Om lag 1/3 av verneområdet omfattar statsgrunn fordelt på Njardarheim (Statskog) og Bykle statsalmenning. Dei øvrige 2/3 av arealet ligg på privat grunn. I verneområdet er det fleire store sameiger (drifteheier), og ei lang rekke andre private eigedommar av ulik storleik.  

==== Landskap og inngrep ====

[[Kategori:Kategori:Norske landskapsvernområder]]
[[Kategori:Kategori:Norske landskapsvernområder]]

Versjonen frå 18. september 2014 kl. 23:29

Denne artikkelen er eit utdrag som omfattar Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde

Forslag til Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei er utarbeidd av Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Bakgrunnen for planarbeidet var behovet for ein felles samordna forvaltningsplan for alle verneområda verneområdestyret hadde forvaltningsmynde for. Planen tek i hovudsak utgangspunkt i verneføreskrifter og eksisterande forvaltningsplanar for dei ulike verneområda, samt forvaltningspraksisen verneområdestyret har etablert sidan det vart konstituert 15 mars 2011.

Mykje av det daglege arbeidet med forvaltningsplanen blir lagt til ei prosjektgruppe som har bestått av medlemmane i arbeidsutvalet og forvaltningssekretariatet. Oppstartsmelding for planarbeidet vart sendt 1 februar 2013 og verneområdestyret godkjente utkastet til forvaltningsplan 7 mai 2014. Etter ein fagleg gjennomgang i Miljødirktoratet gav dei klarsignal til at planutkasten kunne sendast ut på høring 12 juni 2014.

Målsetting

Målsettinga for denne forvaltningsplanen er at den skal være eit praktisk hjelpemiddel i den daglege forvaltninga, og at den skal fungere som eit opplagsverk både for søkarar og forvaltninga. Den overordna målsettinga med forvaltningsplanen er å ta vare på verneverdiane, både gjennom å beskytta dei mot uønskja inngrep og gjennom å legge til rette for aktivitet som fremmer verneverdiane. Eit anna formål med forvaltningsplanen er å gi rammene for ein heilskapleg og pårekneleg forvaltning den kommande tiårs perioden (2015-2025). Gjennom å utarbeide klare reglar for forvaltningspraksis og sakahandsaming, håpar ein både å bidra til å dempe konfliktar og å sikre at ein unngår tilfeldige avgjersler som kan skade verneverdiane.

3.7 Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde

Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde har areal i Bykle, Valle, Bygland, Forsand, Sirdal, Åreral, Hægebostad og Kvinesdal kommunar og vart oppretta i 2000. Det samla arealet på verneområdet er på 2.345km².

Føremålet med vernet av Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane er:

  1. Å ta vare på eit samanhengande, særmerkt og vakkert naturområde med urørte fjell, hei og fjellskogsområde med eit særmerkt plante- og dyreliv, stølsområde, beitelandskap og kulturminne.
  2. Å ta vare på eit samanhengande fjellområde som leveområde for den sørlegaste villreinstamma i Europa.

3.7.1 Områdebeskriving

Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde omfattar eit stort og samanhengande heiområde frå Bykle i nord til Hægebostad i sør. Store deler av dei nordlege delane omfattar snaufjell i høgdelaget 1000-1400 moh, bortsett frå nokre skogsområde i dalføra som går inn i verneområdet frå aust. Sør for Brokke–Suleskardvegen ligg heiområda lågare (800-1000moh) og innslaget av skog er større i kantane av verneområdet.

Avgrensing og eigedomstilhøve

Det nordlegaste punktet i Setesdal Vesthei–Ryfylkeheiane landskapsvernområde ligg i Holmavatnet der fylkesgrensa for Telemark, Rogaland og Aust Agder møtast. Der frå går nordgrensa søraust over fram til Rv 9 ved Breidvatn. Vidare sørover følgjer austgrena i all hovudsak fjellbrynet ned mot Setesdal med unntak av dalføra ved Store Førsvatn, Vatndalsvatnet og Botsvatn kor grensa går lenger vest. Frå fylkesgrensa til Vest Agder blir grensa for verneområdet trekt lenger inn i heia vest for Ljosland og Kyrkjebygdi. Sørgrensa går rett vest over frå Tindefjellet til Flofjellet. Lengst i sør går vestgrensa nordover eit stykke inne i heia forbi Knaben og vidare til Kvifjorden. Her går grensa etter austbreidda og vidare opp langs Kvina til Øyarvatnet og Brokke – Suleskardvegen. Nå går grensa mot nordaust og fram til Siravassdraget ved Dyggjandvatnet. Vidare går grensa sørover, først langs Sira og etter kvart langs Valevatn. Ved Hestekveven bryt grensa mot nordvest fram til Tjodanvatnet og vidare nordaustover til Andersvatn. Nå går grensa på nytt mot nordvest og kryssar Lysedalen før den går mot nordaust og fram til Siravassdraget ved Grauthellervatnet. Vidare følgjer grensa HRV på Svartavatnet mest rundt heile magasinet før det går rett vestover til Skumreknuten. Frå her går grensa rett nordover til Beinleivatnet. Vidare følgjer grensa Blåsjø til fylkesgrensa mellom Aust Agder og Rogaland lengst nordaust i magasinet. Vidare følgjer grensa for verneområdet fylkesgrensa over Holmavatnet, Austre Kaldafjell og Storhidlernuten fram til Holmavatnet.

Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde omfattar 418 gards- og bruksnummer. Om lag 1/3 av verneområdet omfattar statsgrunn fordelt på Njardarheim (Statskog) og Bykle statsalmenning. Dei øvrige 2/3 av arealet ligg på privat grunn. I verneområdet er det fleire store sameiger (drifteheier), og ei lang rekke andre private eigedommar av ulik storleik.

Landskap og inngrep