Flåt nikkelgruve: Skilnad mellom versjonar
Føyd til noen flere opplysninger + kilde |
s La til Kategori:Gruver via HotCat |
||
| Line 15: | Line 15: | ||
[[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Gruver]] | |||
Versjonen frå 2. september 2014 kl. 19:59

Flåt gruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes kommune. Ho vart etablert i 1844, då som koppargruve. Holet i fjellet der malmen var teken ut, blei kalla Koparhola. I 1872 blei selskapet Evje Nikkelverk AS formelt skipa, og same hausten kom gruva i drift som nikkelgruve. På slutten av 1800-talet var Flåt gruve Nord-Europas største nikkelgruve. I 1873 kom det smelteverk til Evje, Evje nikkelverk, og gruva og smelteverket var i drift til 1946.
Drifta fall i tre periodar:
- 1. periode: 1872-1894
- 2. periode: 1899-1920
- 3. periode: 1927-1946
Etter at gruva var stengd i mange år, tok Reidar Kjetså opp arbeidet med å gjere Flåt gruve tilgjengeleg for publikum som ei besøksgruve. Men i 2012 sa han opp leigeavtalen på grunn av sterkt redusert besøkstal og skrantande økonomi i drifta, mellom anna var det eit tilsig av vatn på 3-4000 kbm i året. Gruva treng meir straum, og rust er eit problem å grunn av syrenivået i gruva. Om ho skulle halde fram som besøksgruve, måtte nytt anlegg for ljos og naudljos på plass. Samla kostnader for å få på plass det som mangla var kalkulert til 1,8 millionar, og difor foreslo rådmannen våren 2014 at gruva vart stengd og plombert.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Evje-rådmannen vil stenge og forsegle Flåt gruve. Artikkel i Setesdølen nr. 38, 2014 side 15
- Olav Arne Kleveland: Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk. Hefte utgjeven av Evje og Hornnes sogelag, 2000