Evje kommunale idrettsplass: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Ny side
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
lenkefiks
Line 10: Line 10:


==Kjelder==
==Kjelder==
* Anfinn Lislevand, ''Evje kommunale idrettsplass'', artikkel i Arnstein 2008, s. 16-21
* [[Anfinn Lislevand]], ''Evje kommunale idrettsplass'', artikkel i [[Arnstein]] 2008, s. 16-21
* Geir Daasvatn, ''Evje stadion'', artikkel i Arnstein 2012, s. 13-26
* [[Geir Daasvatn]], ''Evje stadion'', artikkel i Arnstein 2012, s. 13-26


[[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]]

Versjonen frå 18. august 2014 kl. 07:30

Evje kommunale idrettsplass var idrettsbanen i Evje frå 1935 og fram til ca 1970, då Evje stadion vart bygd og teken i bruk. Idrettsplassen låg rett aust for Dyreskueplassen på Evje, der det i dag er grusbane og skeisebane om vinteren. Den gongen var plassen ein furuskog. Banen var ein grusbane for fotball, med ein løpebane for friidrett rundt. Då Otra IL starta med handball på byrjinga av 1960-talet, fungerte grusbanen også som handballbane dei første åra.

Det var det nystarta arbeidaridrettslaget i bygda, Evje AIL, som tok opp saka om byggjing av ein kommunal idrettsbane med kommunestyret. Det var noko politisk kiving om kommunen skulle vere ansvarleg for byggjinga. Dei borgarlege representantane i kommunestyret stemde mot bruken av kommunale midlar. Men fleirtalet (arbeidarrepresentantane) ville det annleis, og 16. februar 1935 vart det vald ei kommunal nemd som skulle kome med framlegg om å byggje ein kommunal idrettsplass.

Arbeidet tok til 2. mai 1935 og varte fram til byrjinga av august same sommaren. Det vart utført av arbeidsledige unggutar som hadde meldt seg til arbeidsledighetskomiteen. Arbeidsleiar var O. P. Gautestad.

Idrettsplassen var i mange år ein god stad å drive idrett for ungdomen i bygda. Men etter kvart kom banen i stadig dårlegare stand, og på byrjinga av 1960-talet var han blitt nærast ubrukeleg.

I dag er Evje kommunale idrettsplass, eller "grusbanen" som plassen er kalla dei siste tiåra, ikkje lenger i bruk til fotball eller annan idrett om sommaren. Men Evje og Hornnes kommune lagar ein fin skeisebane der kvar vinter, såframt forholda tilseier det.

Kjelder