Galteland-steinen: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
|||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Galteland-steinen''' er ein runestein som stod på [[Listeinsmoen]] i [[Evje]] frå ca år 1016 til ca år 1750. Han var 6 1/2 fot høg, 1 1/2 fot brei ved rota og 7 tommar i toppen. Innskrifta på steinen, slik dei lærde tolkar ho, fortel at steinen vart reist av Arnstein, til minne om son sin Bjor, som fall i hæren då Knut den Mektige hærtok England. | '''Galteland-steinen''' er ein runestein som stod på [[Listeinsmoen]] i [[Evje]] frå ca år 1016 til ca år 1750. Han var 6 1/2 fot høg, 1 1/2 fot brei ved rota og 7 tommar i toppen. Innskrifta på steinen, slik dei lærde tolkar ho, fortel at steinen vart reist av Arnstein, til minne om son sin Bjor, som fall i hæren då Knut den Mektige hærtok England. | ||
Steinen blei teken ned ca år 1750 og frakta til [[Galteland]], der han blei sett opp på bruk nr. 2. Seinare, i 1855, vart steinen slegen i sund i sju delar, | Steinen blei teken ned ca år 1750 og frakta til garden [[Galteland]], der han blei sett opp på bruk nr. 2. Seinare, i 1855, vart steinen slegen i sund i sju delar, som blei murde inn i ein skorstein på garden. | ||
I 1875 kom steinen i sju delar til | I 1875 kom steinen i sju delar til Universitetet si Oldsaksamling i Oslo. I dag er han restaurert ut frå desse sju delane, og er utstilt i Historisk museum i Oslo. | ||
Ei etterlikning av Galteland-steinen er reist av Evje og Hornnes sogelag på Listeinsmoen (Verksmoen), om lag på same staden som ein trur den gamle bautasteinen stod. Den nye steinen var ei markering av "Sørlandet i 100", og er gjeven frå sogelaget til Evje og Hornnes kommune. | |||
==Kjelde== | ==Kjelde== | ||
Versjonen frå 30. juli 2014 kl. 14:31
Galteland-steinen er ein runestein som stod på Listeinsmoen i Evje frå ca år 1016 til ca år 1750. Han var 6 1/2 fot høg, 1 1/2 fot brei ved rota og 7 tommar i toppen. Innskrifta på steinen, slik dei lærde tolkar ho, fortel at steinen vart reist av Arnstein, til minne om son sin Bjor, som fall i hæren då Knut den Mektige hærtok England.
Steinen blei teken ned ca år 1750 og frakta til garden Galteland, der han blei sett opp på bruk nr. 2. Seinare, i 1855, vart steinen slegen i sund i sju delar, som blei murde inn i ein skorstein på garden.
I 1875 kom steinen i sju delar til Universitetet si Oldsaksamling i Oslo. I dag er han restaurert ut frå desse sju delane, og er utstilt i Historisk museum i Oslo.
Ei etterlikning av Galteland-steinen er reist av Evje og Hornnes sogelag på Listeinsmoen (Verksmoen), om lag på same staden som ein trur den gamle bautasteinen stod. Den nye steinen var ei markering av "Sørlandet i 100", og er gjeven frå sogelaget til Evje og Hornnes kommune.
Kjelde
Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band 1 (1990), s. 57-60