Hopp til innhald

Såvesteinen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Såvesteinen
 
Reidar T (diskusjon | bidrag)
Bilete
Line 1: Line 1:
[[Fil:Såvesteinen.jpg|miniatyr|350px|Såvesteinen ligg like ved [[riksveg 9]] i [[Sandnes]].{{byline|Reidar Tveito}}]]
'''Såvesteinen''' er ein stein på [[Sandnes i Valle]]. Den er ei stor flyttblokk på jordet på austsida av vegen.  
'''Såvesteinen''' er ein stein på [[Sandnes i Valle]]. Den er ei stor flyttblokk på jordet på austsida av vegen.  



Versjonen frå 24. april 2014 kl. 16:59

Såvesteinen ligg like ved riksveg 9 i Sandnes.
Foto: Reidar Tveito

Såvesteinen er ein stein på Sandnes i Valle. Den er ei stor flyttblokk på jordet på austsida av vegen.

Tradisjonen fortel at denne steinen kom med eit fælt ras for lenge sidan, og han vart liggjande midt i ålmannvegen. Bonden Såve ville flytte på steinen. Han prøvde difor å grave under han for å få det til. Men medan han heldt på med det, tok steinen til å rugge, så han greidde bare så vidt å kome seg opp og kaste seg unna. Treskorne hans vart liggjande att under steinen og skal framleis vere der.

Det budde ein Aslak Såvesson på Nordstog Sandnes (bnr. 1) i 1655, far hans var Såve Aslaksson, kan hende er det han sagnet er etter.

Men på 1700 talet budde Såve Gjermundsson Sandnes her. Og på 1800-talet budde Såve Aslaksson Bø på bruk nr. 6.

Kjelde

  • Statens Vegvesen: Konsekvensutgreiing rv.9 Sandnes – Harstadberg. Fagtema kulturmiljø side 8