Tarald Bjørgulvson Langeid: Skilnad mellom versjonar
utvida noko |
sInkje endringssamandrag |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Tarald Bjørgulvson Langeid''', óg kalla Tarald Krokå, (1838–1919), fødd og busett på [[Krokå (Langeid)|Krokå]] på [[Langeid|Nedre Langeid]]. Han var ordførar i [[Bygland]] i åra 1887–1889, og varaordførar største delen av tida då [[Lars Knutson Liestøl]] var på Stortinget (1889–1902). Bygdesogeskrivarane gjev Tarald eit godt ettermæle, i bygdesoga frå 1939 omtalas han som ein stillfarande, varsam og klok mann som tok arbeidet i kommunen med alvor og uthaldanhet<ref>''Byglands soge'': Aasulv Lande Sr.: «Kommunestyringi. XII. Tarald Bjørgulvson Langeid.» s. 85, Kristiansand 1939 (faksimile 1970)</ref>, og i ''gards- og ættesoga'' (1952) som «...ein sers høgvyrd mann, som vart nytta i mest alle dei kommunale ombod som fanst»<ref>[[Bolling, Reidar]]: ''[[Gards- og ættesoge Bygland]]'', «Krokå G.nr.3, b.nr. 1» s. 23-24. [[Bygland bygdesogenemd]] 1952</ref>. | '''Tarald Bjørgulvson Langeid''', óg kalla Tarald Krokå, (1838–1919), fødd og busett på [[Krokå (Langeid)|Krokå]] på [[Langeid|Nedre Langeid]]. Han var ordførar i [[Bygland]] i åra 1887–1889, og varaordførar største delen av tida då [[Lars Knutson Liestøl]] var på Stortinget (1889–1902). Bygdesogeskrivarane gjev Tarald eit godt ettermæle, i bygdesoga frå 1939 omtalas han som ein stillfarande, varsam og klok mann som tok arbeidet i kommunen med alvor og uthaldanhet<ref>''[[Byglands soge]]'': [[Aasulv Lande Sr.]]: «Kommunestyringi. XII. Tarald Bjørgulvson Langeid.» s. 85, Kristiansand 1939 (faksimile 1970)</ref>, og i ''gards- og ættesoga'' (1952) som «...ein sers høgvyrd mann, som vart nytta i mest alle dei kommunale ombod som fanst»<ref>[[Bolling, Reidar]]: ''[[Gards- og ættesoge Bygland]]'', «Krokå G.nr.3, b.nr. 1» s. 23-24. [[Bygland bygdesogenemd]] 1952</ref>. | ||
15. april 1856 vigde han Margit Tarjeisdotter Straume (1837–1888)<ref>[http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9875&idx_id=9875&uid=ny&idx_side=-69 ''Digitalarkivet'': Aust-Agder fylke, Hylestad i Valle, Klokkerbok nr. B 1 (1848-1875), Ekteviede 1855-1857, side 107.]</ref>, saman fekk dei borna Bjørgulv, Tarjei, Gyro d.e., Birgit, Sven, Gyro d.y., Knut og Margit. Det eldste bornet, ei jente, var dødfødd. Margit døydde på barselseng joledagen 1880, og den nyfødde dottera dagen etter. Margit hadde odel på [[Sygard (Straume)|Sygard]] [[Straume (Hylestad)|Straume]] i [[Hylestad]] etter faren som døydde berre 37 år gamal, og Tarjei (den nest eldste sonen) tok over bruket føre 1888<ref>[[Alfred Ryningen|Ryningen, Alfred]]: ''Valle kommune - Gards- og ættesoge Hylestad'', «Tarjei Knutsson Straume» bind 1, s. 231-233. [[Valle kommune]] 1985. ISBN 8299133416</ref>. Sonen Bjørgulv (1858–1948) fekk heimel på Krokå i 1908 etter å ha drive den saman med faren i meir enn 20 år. | 15. april 1856 vigde han Margit Tarjeisdotter Straume (1837–1888)<ref>[http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9875&idx_id=9875&uid=ny&idx_side=-69 ''Digitalarkivet'': Aust-Agder fylke, Hylestad i Valle, Klokkerbok nr. B 1 (1848-1875), Ekteviede 1855-1857, side 107.]</ref>, saman fekk dei borna Bjørgulv, Tarjei, Gyro d.e., Birgit, Sven, Gyro d.y., Knut og Margit. Det eldste bornet, ei jente, var dødfødd. Margit døydde på barselseng joledagen 1880, og den nyfødde dottera dagen etter. Margit hadde odel på [[Sygard (Straume)|Sygard]] [[Straume (Hylestad)|Straume]] i [[Hylestad]] etter faren som døydde berre 37 år gamal, og Tarjei (den nest eldste sonen) tok over bruket føre 1888<ref>[[Alfred Ryningen|Ryningen, Alfred]]: ''Valle kommune - Gards- og ættesoge Hylestad'', «Tarjei Knutsson Straume» bind 1, s. 231-233. [[Valle kommune]] 1985. ISBN 8299133416</ref>. Sonen Bjørgulv (1858–1948) fekk heimel på Krokå i 1908 etter å ha drive den saman med faren i meir enn 20 år. | ||
| Line 9: | Line 9: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
* [[Reidar Vollen|Vollen, Reidar]]: ''Bygland gard og ætt'', bind 1, s. 212. Bygland kommune 2002. ISBN 82-993677-2-7 | * [[Reidar Vollen|Vollen, Reidar]]: ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind 1, s. 212. Bygland kommune 2002. ISBN 82-993677-2-7 | ||
<references /> | <references /> | ||
Versjonen frå 4. desember 2013 kl. 15:06
Tarald Bjørgulvson Langeid, óg kalla Tarald Krokå, (1838–1919), fødd og busett på Krokå på Nedre Langeid. Han var ordførar i Bygland i åra 1887–1889, og varaordførar største delen av tida då Lars Knutson Liestøl var på Stortinget (1889–1902). Bygdesogeskrivarane gjev Tarald eit godt ettermæle, i bygdesoga frå 1939 omtalas han som ein stillfarande, varsam og klok mann som tok arbeidet i kommunen med alvor og uthaldanhet[1], og i gards- og ættesoga (1952) som «...ein sers høgvyrd mann, som vart nytta i mest alle dei kommunale ombod som fanst»[2].
15. april 1856 vigde han Margit Tarjeisdotter Straume (1837–1888)[3], saman fekk dei borna Bjørgulv, Tarjei, Gyro d.e., Birgit, Sven, Gyro d.y., Knut og Margit. Det eldste bornet, ei jente, var dødfødd. Margit døydde på barselseng joledagen 1880, og den nyfødde dottera dagen etter. Margit hadde odel på Sygard Straume i Hylestad etter faren som døydde berre 37 år gamal, og Tarjei (den nest eldste sonen) tok over bruket føre 1888[4]. Sonen Bjørgulv (1858–1948) fekk heimel på Krokå i 1908 etter å ha drive den saman med faren i meir enn 20 år.
Ordførar og andre verv
I Tarald B. Langeid si tid som ordførar vart fleire større ting handsama av kommunestyret. Mellom anna vert det vedteke at ein skulle få eit overslag over kva det ville kosta å leggje om vegen i Fånekleiva, ein hundeskatt på fem kroner året og ein søknad om å få postopneri på Ose vert sendt inn.
I 1891 sende han saman med Tallak E. Hegland, T.K. Austad og Halvor Austad, alle fire frå Austad sokn, ein søknad til Indredepartementet om å dele kommunen slik at deira sokn skulle bli ein eigen kommune. Bygland tilrådde ikkje søknaden, og den førte ikkje fram. Fram til Austad og dei andre sokna i Bygland fikk sine eigne forlikskommisjoner i 1895 var Tarald Langeid åstadforlikskommisær for heile prestegjeldet. Frå 1895 til 1904 var han kommisær i Austad sokn sin forlikskommisjon saman med Tarkjel K. Austad. Som lagrettemann var han ofte skjøns- og takstmann.
Kjelder
- Vollen, Reidar: Bygland gard og ætt, bind 1, s. 212. Bygland kommune 2002. ISBN 82-993677-2-7
- ↑ Byglands soge: Aasulv Lande Sr.: «Kommunestyringi. XII. Tarald Bjørgulvson Langeid.» s. 85, Kristiansand 1939 (faksimile 1970)
- ↑ Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge Bygland, «Krokå G.nr.3, b.nr. 1» s. 23-24. Bygland bygdesogenemd 1952
- ↑ Digitalarkivet: Aust-Agder fylke, Hylestad i Valle, Klokkerbok nr. B 1 (1848-1875), Ekteviede 1855-1857, side 107.
- ↑ Ryningen, Alfred: Valle kommune - Gards- og ættesoge Hylestad, «Tarjei Knutsson Straume» bind 1, s. 231-233. Valle kommune 1985. ISBN 8299133416
| Forgjenger: Olav G. Aakhus |
Ordførar i Bygland (1887–1889)
|
Etterfølger: Lars K. Liestøl |