Hopp til innhald

Rygnestad-samlinga: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Ny side
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks
Line 7: Line 7:
Samlinga omfattar i tillegg eit tysk tresnitt med eit populært dansemotiv, eit lite stykke gyllenlærstapet og to stykk tøytrykk i himmelblått renessansemønster.
Samlinga omfattar i tillegg eit tysk tresnitt med eit populært dansemotiv, eit lite stykke gyllenlærstapet og to stykk tøytrykk i himmelblått renessansemønster.


Tradisjonen fortel at [[Åsmund Torleivson Rygnestad]] (død i 1595 eller 1596) brakte samlinga heim frå Nederlandene. I norsk samanheng er samlinga heilt unik.
Tradisjonen fortel at [[Åsmund Torleivsson Rygnestad]] (død i 1595 eller 1596) brakte samlinga heim frå Nederlandene. I norsk samanheng er samlinga heilt unik.


== Kjelder ==
== Kjelder ==

Versjonen frå 5. januar 2026 kl. 17:20

Rygnestad-samlinga er ei samling av bilete i RygnestadloftetRygnestad i Valle.

I samlinga er framstillingar av kjende legender og historiar frå katolsk tid og århundret for reformasjonen.

Alle bileta er laga som bruksbilete og med ein funksjon som ikkje berre skulle vere dekorativ. Bileta er måla i limfarge og tempera på store lerret, meint for å vere veggteppe.

Samlinga omfattar i tillegg eit tysk tresnitt med eit populært dansemotiv, eit lite stykke gyllenlærstapet og to stykk tøytrykk i himmelblått renessansemønster.

Tradisjonen fortel at Åsmund Torleivsson Rygnestad (død i 1595 eller 1596) brakte samlinga heim frå Nederlandene. I norsk samanheng er samlinga heilt unik.

Kjelder