Pernillefura: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s kategoritillegg
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s Kategoritillegg
Line 18: Line 18:


[[Kategori:Bygland]]
[[Kategori:Bygland]]
[[Kategori:Kjente trær]]

Versjonen frå 21. august 2013 kl. 22:03

Pernillefura på Tveitå
Pernillefura før 1959

Pernillefura er eit gamalt og stort furutre som veks på Tveitå (Bygland). Etter at Tveitå der nord vart fråflytta, vart beitemarka tilplanta med skog. I 2011 vart ein del av skogen rundt Pernillefura hogd, slik at ho nå vart synleg att.

Pernille Olavsdotter Tveitå, 1752-1828, kom heim frå støylen ein gong og kunne ikkje finna grautetvora. Så sprang ho hit til denne fura og tok toppen til ny tvore. (Ei tvore vart nytta til å røre rundt i grautgryta).

Og sidan Pernille hadde skore av toppen, så vaks det fram fleire nye toppar. Sidan har fura fått stå i fred og har vorte kjempestor.

Sjå også

Kjelde

Kart

Laster kart ...