Stakkedalshytta: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s retting
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s puss
Line 6: Line 6:
I 2006 ville grunneigaren setje opp ny privat hytte på 30 kvm nede i sjølve Stakkedalen. Kommunen sa ja, men direktoratet sa nei, då hytta ville kome i [[Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde]]. Grunneigaren fekk då kjøpe Turistforeningas hytte til eige bruk i staden. Stoda løyste seg slik at Turistforeninga fekk ein leigeavtale med eigaren av hytta i [[Tjønndalen]], berre 20 minutts gangtid unna.   

== Kjelde ==
== Kjelder ==
*[[Sigurd Haugsgjerd]]: «KOT kan misse Stakkedalshytta.» Artikkel i ''[[Setesdølen nr. 85, 2006]]'' side 1 og 4
*[[Sigurd Haugsgjerd]]: «KOT kan misse Stakkedalshytta.» Artikkel i ''[[Setesdølen nr. 85, 2006]]'' side 1 og 4
*Harald Flå: ''[[Vandringer i Setesdal Vesthei]]'' 2008, ISBN 978-82-91-49544-6, side 63.
*Harald Flå: ''[[Vandringer i Setesdal Vesthei]]'' 2008, ISBN 978-82-91-49544-6, side 63.

Versjonen frå 6. august 2013 kl. 08:06

Stakkedalen
Foto: Reidar Tveito

Stakkedalshytta var ei turisthytte i Stakkedalen i Bygland kommune. Ho låg inne på heia vest for Langeid. KOT, som bytta namn til DNT Sør i 2011, leigde hytta av grunneigarane frå 1949 til 2006.

Hytta vart sett opp av Turistforeninga i 1949, og det vart nytta materialar frå brakker som sto att i Jokleilega etter krigen. Ho vart fyrst ombygd i 1955, seinare i 1992, og fekk då 10 sengeplassar. Hytta var mykje brukt av folk på tur mellom Langeid og Gaukhei.

I 2006 ville grunneigaren setje opp ny privat hytte på 30 kvm nede i sjølve Stakkedalen. Kommunen sa ja, men direktoratet sa nei, då hytta ville kome i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Grunneigaren fekk då kjøpe Turistforeningas hytte til eige bruk i staden. Stoda løyste seg slik at Turistforeninga fekk ein leigeavtale med eigaren av hytta i Tjønndalen, berre 20 minutts gangtid unna.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...