Viki (Valle gnr 44): Skilnad mellom versjonar
s Lenker |
s Rettet skrivefeil |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Viki Valle 271017-3.jpg|miniatyr|høyre|Viki [[27. oktober 2017]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Viki Valle 271017-3.jpg|miniatyr|høyre|Viki [[27. oktober 2017]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Viki''' er ein [[Gard (matrikkelgard)|gard]] (Valle gnr. 44) sentralt i [[Valle|Vallebygda]]. Garden ligg nord for [[Rike]] og grenser til [[Kyrvestad]] i nord. [[Vikevegen]] går frå [[Nordibøvegen]] inn til husa i garden. Det er fire hovudbruk i garden, [[Innistog Viki (Valle gnr. 44 bnr. 1)|Innistog]], [[Oppistog Viki (Valle gnr. 44 bnr. 7)|Oppistog, [[Systog Viki (Valle gnr. 44 bnr. 6)|Systog]] og [[Nistog Viki (Valle gnr. 44 bnr. 2)|Nistog]]. | '''Viki''' er ein [[Gard (matrikkelgard)|gard]] (Valle gnr. 44) sentralt i [[Valle|Vallebygda]]. Garden ligg nord for [[Rike]] og grenser til [[Kyrvestad]] i nord. [[Vikevegen]] går frå [[Nordibøvegen]] inn til husa i garden. Det er fire hovudbruk i garden, [[Innistog Viki (Valle gnr. 44 bnr. 1)|Innistog]], [[Oppistog Viki (Valle gnr. 44 bnr. 7)|Oppistog]], [[Systog Viki (Valle gnr. 44 bnr. 6)|Systog]] og [[Nistog Viki (Valle gnr. 44 bnr. 2)|Nistog]]. | ||
== Historie == | == Historie == | ||
Versjonen frå 3. januar 2024 kl. 12:46

Viki er ein gard (Valle gnr. 44) sentralt i Vallebygda. Garden ligg nord for Rike og grenser til Kyrvestad i nord. Vikevegen går frå Nordibøvegen inn til husa i garden. Det er fire hovudbruk i garden, Innistog, Oppistog, Systog og Nistog.
Historie
Garden er tvillaust nokså gamal, skriv Alfred Ryningen i Gards- og ættesoga for Valle.[1] Busetnaden i Valle skal gå tilbake til dei første hundreåra av vår tidsrekning. Viki er truleg ein av dei eldre verestadane. I ei hovudoppgåve har Sigrid Bø peika ut Viki som opphavsgarden i Valle sokn.[2] Garden har vore fullgard, minst fire huder, så langt tilbake i tida som kjeldene går.
Viki-bøndene hadde kvernhusa sine i Vikebekk som renn mellom Viki og Kyrvestad.[3] Støylane var i Stavedalen, på Midtfjøddi og på Håvestøyl i Finndalen. Støylsdrifta på Viki tok slutt ikke lenge etter 2. verdskrigen.[4]
Litteratur
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 235–306
Referansar
- ↑ Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 235
- ↑ Sigrid Bø, Landtal, leidang og agrarkrise, hovudoppgåve i historie
- ↑ Valle IV side 238
- ↑ Valle IV, side 242