Juvassdammen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Orto
 
Line 13: Line 13:
*[https://www.visitnorway.no/listings/juvassdammen/16693/ Om Juvassdammen på visitnorway.no]
*[https://www.visitnorway.no/listings/juvassdammen/16693/ Om Juvassdammen på visitnorway.no]
*[https://snl.no/Juvatn Om Juvatn i Store Norske Leksikon (nettutgåva)]
*[https://snl.no/Juvatn Om Juvatn i Store Norske Leksikon (nettutgåva)]
*[[Inger Juvastøl]], ''[[Juvasstøl - Ein heiegard i Åseral]]'', utgjeve på eige forlag, 2015, side 21 og 25-26
*[[Inger Juvastøl]], ''[[Juvasstøl - Ein heiegard i Åseral]]'', utgjeve på eige forlag, 2015, side 21 og 25–26


== Kart ==
== Kart ==

Siste versjonen frå 14. oktober 2023 kl. 20:04

Juvassdammen juni 2016.
Den mindre spektakulære, men lengre dam nr. 2 i sørenden av Juvatn.
Foto: Geir Daasvatn

Juvassdammen er ein 46 meter høg betongkvelvdam i sørenden av Juvatn i Lognavassdraget i Åseral. Eigentleg er det to dammar her, den høge Juvassdammen og ein lågare, men lengre platedam i betong rett vest for hovuddammen. Dei to dammane demmer opp Juvatn til magasin for Logna kraftverk ved Lognavatn. Magasinet kan romme heile 142 millionar kubikkmeter vatn.

Juvassdammen er ein turistattraksjon i Åseral. Ein kan kome dit ved å følge Fv-351 mot Bortelid til Åknes, deretter Austegardvegen mot Austegard og Espelid, og til slutt Juvassvegen inn til dammen.

Historie

Løyve til å bygge ut Lognavassdraget blei gitt ved kronprinsregenten sin resolusjon dagsett 9. desember 1955. Ein av hovudgrunnane til oppdemminga var å skaffe vatn vinterstid til det nybygde Håverstad kraftverk lenger nede i Mandalselva. Den bakomliggjande grunnen skal ha vore å skaffe meir straum til den kraftkrevjande industrien i Kristiansand, mellom anna Fiskaa Verk.

Ein starta opp med å bygge veg og bruer frå Austegard til Juvatn i 1955. Bygginga av sjølve dammen starta i 1956. Han stod ferdig i 1958. På det tidspunktet skal han ha vore den høgaste dammen i sitt slag i Nord-Europa. Hovudentreprenør var firmaet Betongbygg frå Kristiansand. Kort tid etter at Juvassdammen var bygd, stod også Logna kraftverk ferdig.

Kjelder

Kart

Laster kart ...