Grøssæstemmen: Skilnad mellom versjonar
s Fernet lenken til det ganmle kartet som ikke virket lenger |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 19: | Line 19: | ||
[[Kategori:Åraksbø]] | [[Kategori:Åraksbø]] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | [[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | ||
[[Kategori:Tømmerfløting]] | |||
Siste versjonen frå 25. september 2023 kl. 15:23


Grøssæstemmen var ein fløytingsdam i Grøssæ i Bygland austhei tett attmed fylkesgrensa til Telemark. Ut av Grøssæ renn Grønåne ned gjennom Kjyddingdalen til Topsæ som også var regulert for tømmerfløyting med Topsæstemmen. Bilete 1 viser stemmen i 1977 med sleppebruene framleis på plass over begge utlaupa. Stemplankene ligg framleis oppe på stemmen. Stemmen i Straumsfjorden som blei bygd i 1935 er yngre enn Grøssæstemmen og Topsæstemmen og er mura opp av gråstein med sementpuss på sida mot bassenget. Reguleringshøgda i Topsæ og Grøssæ var 2 m og demde opp henholdvis 4 og 8 mill. m³. Bilete 2 viser at stemmen var delvis nedrotna i påska 2019. Bilete 3 er teke i juli 2019 og viser at mest alt av trestokkar er borte. Ved hjelp av desse tre reguleringsdammane kunne ein samle opp flaumvatnet, spesielt under snøsmeltinga om våren. Så kunne ein sleppe ut vatn når ein trong det til fløyting nedover heile Tovdalselva. Men det var faste datoar om våren dammane måtte vere tømt.
Stemmen blei bygd av Gjermund Olavson Kile som det er fortalt om i artikkelen Ein arbeidsmann og ein fjellmann.
Kjelder
- Tønnes Hagestad, Fløtningens historie i Otra og Tovdalselva, 1988, side 53-54
- Basert på opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)