Hopp til innhald

Ose Matmarknad: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Litt historie
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Småpuss
Line 2: Line 2:
[[Fil:Ose Matmarknad logo.jpg|miniatyr|høyre|Logoen til Ose Matmarknad.]]
[[Fil:Ose Matmarknad logo.jpg|miniatyr|høyre|Logoen til Ose Matmarknad.]]

'''Ose Matmarknad''' vert arrangert andre helga i juli. Arrangør er [[Ose Mat og Kultur]], og arrangementet har gått kvart år sidan 1995. Det er ein marknad basert på tradisjon innan lokal mat, husflid, kunsthandverk og antikvitetar.  
'''Ose Matmarknad''' vert arrangert andre helga i juli. Arrangør er [[Ose Mat og Kultur]], og arrangementet har gått kvart år sidan 1995, med eit lite unnatak for «koronaåra» 2020 og 2021. Det er ein marknad basert på tradisjon innan lokal mat, husflid, kunsthandverk og antikvitetar.  

Alle salsbodene ligg samla i det lille sentrumet i [[Ose]], rammet inn av den gamle [[Storstoga]], eit toetasjes laftebygg, [[Ose Turistheim]], [[Ose Ullvare]], [[Storstoga Kro]], [[Ose grendehus]] og [[Coop Marked Ose]]. Som regel er det godt ver under arrangementet, og det kjem ofte to-tre tusen menneske for å smake på tradisjonsmat ein kan få kjøpt: [[Kurv]], med komle eller poteter, Setesdalssuppe, komper, spekemat og rømmegrøt.  

Versjonen frå 28. april 2023 kl. 08:05

Ose under matmarknaden.
Logoen til Ose Matmarknad.

Ose Matmarknad vert arrangert andre helga i juli. Arrangør er Ose Mat og Kultur, og arrangementet har gått kvart år sidan 1995, med eit lite unnatak for «koronaåra» 2020 og 2021. Det er ein marknad basert på tradisjon innan lokal mat, husflid, kunsthandverk og antikvitetar.

Alle salsbodene ligg samla i det lille sentrumet i Ose, rammet inn av den gamle Storstoga, eit toetasjes laftebygg, Ose Turistheim, Ose Ullvare, Storstoga Kro, Ose grendehus og Coop Marked Ose. Som regel er det godt ver under arrangementet, og det kjem ofte to-tre tusen menneske for å smake på tradisjonsmat ein kan få kjøpt: Kurv, med komle eller poteter, Setesdalssuppe, komper, spekemat og rømmegrøt.

I 2016 besøkte om lag 2500 Ose Matmarknad dei to dagane. Ragnhild Sordal var sjef for arrangementet og Solveig Ose var som vanleg sjefskokke.

I 2022 blei Ose Matmarknad arrangert 9. og 10. juli. Då hadde arrangementet hatt pause dei to åra under koronapandemien (2020 og 2021). Det blei seld komper, rømmegraut og korv med meir for rundt 160 000 kroner.

Historie

Annemor Sundbø lanserte ideen om ein matmarknad på Ose då ho etablerte ullvareutsal der på byrjinga av 1990-talet. Ho hadde ansvar for dei ti første åra av arrangementet, saman med William Viki og Signe Ose.

Kjelder

Eksterne lenker