Hopp til innhald

Setesdal sogelag: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
LItt om bakgrunnen or stiftelsen av laget
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Fjernet et par unødige lenker
Line 10: Line 10:


== Bakgrunn ==
== Bakgrunn ==
Knut K. Homme ([[Valle]]) møttest saman med [[Bjarne Tveiten]] (Bykle), [[Magnhild Rygg]] ([[Bygland]]) og [[Beint Foss]] frå [[Agder Historielag]] om hausten og vinteren 2012–2013 til tre førebuingsmøte i den gamle stasjonsbygninga på Byglandsfjord stasjon. Her blei dei fire einige om eit felles grunnlag for eit samla sogelag for Bykle, Valle og Bygland. Møta kom i kjølvatnet av at [[Johnny Haugen]], på vegne av Agder Historielag, hadde skrive nokre innlegg om å opprette eit felles sogelag for heile [[Setesdal]], mellom anna i Setesdølen 29. mars 2011.
Knut K. Homme ([[Valle]]) møttest saman med Bjarne Tveiten (Bykle), Magnhild Rygg ([[Bygland]]) og [[Beint Foss]] frå [[Agder Historielag]] om hausten og vinteren 2012–2013 til tre førebuingsmøte i den gamle stasjonsbygninga på Byglandsfjord stasjon. Her blei dei fire einige om eit felles grunnlag for eit samla sogelag for Bykle, Valle og Bygland. Møta kom i kjølvatnet av at [[Johnny Haugen]], på vegne av Agder Historielag, hadde skrive nokre innlegg om å opprette eit felles sogelag for heile [[Setesdal]], mellom anna i Setesdølen 29. mars 2011.


== Sjå også ==
== Sjå også ==

Versjonen frå 7. mars 2023 kl. 08:13

Bjarne Tveiten vart vald til leiar i 2013

Setesdal sogelag vart stifta i eit møte på Setesdalsmuseet onsdag 10. april 2013. I styret kom Hallvard Tveit Berg (vara Margit Dale), Magnhild Rygg (vara Torgeir Moseid) og Bjarne Tveiten (vara Magnhild Bjørnarå). Bjarne Tveiten vart vald til leiar og Astri Rysstad har teke på seg rollen som sekretær.

Laget hadde 107 medlemer per februar 2015.

I mars 2015 gav det nye sogelaget ut sitt første årsskrift, Setesdal og setesdølar. Redaktør for bladet var Andres Helle. Målet var å lage eit årsskrift med ei fin blanding av nytt og gamalt. Blant mange bidragsytarar i den første utgåva var Bjarne Tveiten, som tok for seg tamreinhistorien. Reidar Tveito såg på slektsgransking gjennom Facebook. Det var dikt og tekstar av Knut K. Homme og utdrag frå «Gard og ætt»/Nordbygdi av Olav M. Holen. Rosinen i pylsa var illustrasjonar av biletkunstnaren Hans Georg Kohler.

Årsskriftet kom også ut i 2016–2022.

Bakgrunn

Knut K. Homme (Valle) møttest saman med Bjarne Tveiten (Bykle), Magnhild Rygg (Bygland) og Beint Foss frå Agder Historielag om hausten og vinteren 2012–2013 til tre førebuingsmøte i den gamle stasjonsbygninga på Byglandsfjord stasjon. Her blei dei fire einige om eit felles grunnlag for eit samla sogelag for Bykle, Valle og Bygland. Møta kom i kjølvatnet av at Johnny Haugen, på vegne av Agder Historielag, hadde skrive nokre innlegg om å opprette eit felles sogelag for heile Setesdal, mellom anna i Setesdølen 29. mars 2011.

Sjå også

Setesdal sogelag Årsmelding 2018

Kjelder