Dale (Valle gnr. 27): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Line 1: Line 1:
[[Fil:Systog Dale 201216-3.jpg|miniatyr|høyre|Systog Dale. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Systog Dale 201216-3.jpg|miniatyr|høyre|Systog Dale. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Nordstog Dale Valle 290621-2.jpg|miniatyr|høyre|Nordstog Dale [[29. juni 2021]]. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
'''Dale''' er ein gard (gnr. 27) på vestsida (sørsida) av [[Otra]], i [[Oveinang]], nord i [[Valle kommune]]. Garden ligg på ein stad der Otra gjer ein sving og renn mot aust eit lite stykke. Nabogardar i aust og sør er [[Nomeland (Valle gnr 47)|Nomeland]], Åmli og Berg. I nord-vest er det [[Løyland]] som støytar til. I nord renn Otra. Mellom Dale og Løyland går [[Kallefossbruene]] over Otra, og knyt gardane til [[Riksveg 9]]. [[Fylkesveg 330]] går gjennom Dale og sørover til Nomeland.  

Versjonen frå 13. mai 2022 kl. 12:05

Systog Dale.
Nordstog Dale 29. juni 2021.
Foto: Geir Daasvatn

Dale er ein gard (gnr. 27) på vestsida (sørsida) av Otra, i Oveinang, nord i Valle kommune. Garden ligg på ein stad der Otra gjer ein sving og renn mot aust eit lite stykke. Nabogardar i aust og sør er Nomeland, Åmli og Berg. I nord-vest er det Løyland som støytar til. I nord renn Otra. Mellom Dale og Løyland går Kallefossbruene over Otra, og knyt gardane til Riksveg 9. Fylkesveg 330 går gjennom Dale og sørover til Nomeland.

Bruka på garden

Historie

«Etter namnet å døme kan garden vere mykje gamal, og det er nok rimeleg å at han kan ha vore rudd iallfall før år 1000», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Valle. Det er gjort fleire arkeologiske funn på garden. Desse skal vere gravfunn frå vikingtida.

Dale hadde kvernhus i Kvinnebekken i Dalsli, og det høyrde fleire støylar til garden. Det var Dåstøyl, Øyan og Rossåsen. Åtte dagar etter jonsor reiste folka til støylane. Så kom dei til gards att rundt 20. august. Slåtter var det både rundt Dåstøyl og lenger nord rundt Øyan og Rossåsen. I Kallefoss var det ei sag.

Den første mannen ein kjenner til frå garden i dei skriftlege kjeldene er Bjørn Såvesson. I 1497 skal han ha seld delar av garden til ein Pål Øyulvsson.

Kjelder

Kart

Laster kart ...