Oppreisten i 1541: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ny side |
s Lenkefiks |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Olav Bø]], ''[[Setesdal | *[[Olav Bø]], ''[[Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum]]'', Det Norske Samlaget, 1991, side 10 | ||
[[Kategori:Valle]] | [[Kategori:Valle]] | ||
[[Kategori:Historie]] | [[Kategori:Historie]] | ||
Versjonen frå 23. februar 2022 kl. 21:21
Oppreisten i 1541 var eit bondeopprør, der ein flokk bønder frå Valle og andre bygder drog til Nedenes og overfall fogden Peder Hansson. Han fekk 18 klubbeslag; eitt frå kvar av dei som var med. Dei skal etter dette ha blitt overmodige, og gav seg i veg vestover til lensherren Stig Skafsten Bagge på Eikeland i Kvinesdal for å ta han i same slengen. Men Bagge fekk kjennskap til flokken, samla folk og fanga dei. Fire av leiarane blei avretta. Futen i Nedenes skal ha kome seg etter den harde medfarten.
I motsetnad til ein del andre historiar og vandresegner om liknande bondeopprør, er Valle-bøndene sin oppreist i 1541 tåleg godt dokumentert. Mellom anna skreiv lensherre Bagge ein rapport kort tid etter hendinga.
Kjelder
- Olav Bø, Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, Det Norske Samlaget, 1991, side 10