Birger Thorkildsen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Fjernet spirelogo
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
 
Line 13: Line 13:
[[Kategori:Døde personer fra Kristiansand kommune]]
[[Kategori:Døde personer fra Kristiansand kommune]]
[[Kategori:Ingeniører]]
[[Kategori:Ingeniører]]
[[Kategori:Flåt nikkelgruve]]

Siste versjonen frå 27. desember 2021 kl. 13:41

Birger Thorkildsen
Født: 23. oktober 1881
Død: 23. januar 1968 (86 år)

Gunvald Birger Thorkildsen (fødd 23. oktober 1881 i Kristiansand, død 23. januar 1968 på Vigeland) var maskiningeniør, utdanna ved Trondheim Tekniske Læreanstalt i 1904. I 1906 tok han eksamen som diplomingeniør og diplommarkscheider ved Bergakademiet i Freiberg, Sachsen. Han kom til Evje og blei tilsett som gruveingeniør ved Evje nikkelverk i 1911. Frå 1918 var han også driftsstyrar. Thorkildsen hadde det daglege ansvaret for drifta i Flåt nikkelgruve og nikkelverket til anlegga vart stengde for godt i 1946. Han interesserte seg også mykje for feltspatdrifta i bygda. Han var med og stifta Norsk Feltspat Co på Evje, og var styreleiar der i mange år. Han var også styreleiar i Evje Feltspatmølle frå ho blei bygt ved Evje stasjon i 1924 til ho blei riven i 1944. Thorkildsen var engasjert i lokalpolitikken. Han sat i heradsstyret i Evje i seks år.

Kjelder