Longerak: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Siri J (diskusjon | bidrag)
sInkje endringssamandrag
Line 10: Line 10:
Den fyrste skriftlege kjelda som omhandlar Longerak (då nemnd «Longerack») er eit diplom frå 1563,<ref>[http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=10431&s=n&str= ''Diplomatarium Norvegicum'' Nummer: 712, bind XI side 807]</ref> men sjølve garden er mykje eldre. I diplomen stadfesta Roer Rolleuson og Biørn Aadson, lagrettemenn frå Evje sogn i Råbyggelaget, at Theu (Thof?) Østenssøn selde ein del av garden Longerack i Ordall (Årdal) til Jørund Svenungssøn under eit ting på kyrkjegarden ved «[[Årdal kyrkje|Ardals kiercky gar]]». Garden hadde kona til Østenssøn arva etter foreldra sine, og prisen var «1 Mark Guld».
Den fyrste skriftlege kjelda som omhandlar Longerak (då nemnd «Longerack») er eit diplom frå 1563,<ref>[http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=10431&s=n&str= ''Diplomatarium Norvegicum'' Nummer: 712, bind XI side 807]</ref> men sjølve garden er mykje eldre. I diplomen stadfesta Roer Rolleuson og Biørn Aadson, lagrettemenn frå Evje sogn i Råbyggelaget, at Theu (Thof?) Østenssøn selde ein del av garden Longerack i Ordall (Årdal) til Jørund Svenungssøn under eit ting på kyrkjegarden ved «[[Årdal kyrkje|Ardals kiercky gar]]». Garden hadde kona til Østenssøn arva etter foreldra sine, og prisen var «1 Mark Guld».


[[Reidar Bolling]] skriv i si [[Gards- og ættesoge for Bygland|gards- og ættesoge for Bygland]]<ref>Bolling, Reidar: ''Gards- og ættesoge Bygland'', utg. 1952, s. 352 ff</ref> at Innistog truleg er det eldste bruket på Longerak, og det er uvisst når det blei kløyvd i mindre delar. [[Søbø (Longerak)|Søbø]] skal ha blitt rudd seinare, og utanom den fyrste Longeraksgarden. Etter Innistog kom [[Monen (Longerak)|Attistog]], og då dei grov ut til grunnmur for eit nytt bygg på Monen i 1922 fann dei kjellargrova etter dei gamle husa på Attistog. Attistognamnet råka i ubruk, medan Monen tok over. Kvar [[Knutstog (Longerak)|Knutstog]]-stova opphaveleg var er uvisst, men det er funne spor i åkeren nordvestføre Innistog-husa som tyder at det ein gong har vore hus der &ndash; og ildebrann. Det er godt mogleg å tenkje seg at «Knut» så har bygd husa opp att der dei står no, men sikkert er det ikkje. [[Oppistog (Longerak)|Oppistog]]-stova som brann ned tidleg i 1800-åra låg ved den øvre enden av Innistoghagen, ved postvegen, men vert bygd opp att lengre opp i bakken i 1830-40-åra ein gong.
[[Reidar Bolling]] skriv i si [[Gards- og ættesoge for Bygland|gards- og ættesoge for Bygland]]<ref>Bolling, Reidar: ''Gards- og ættesoge Bygland'', utg. 1952, s. 352 ff</ref> at Innistog truleg er det eldste bruket på Longerak, og det er uvisst når det blei kløyvd i mindre delar. [[Søbø (Longerak)|Søbø]] skal ha blitt rudd seinare, og utanom den fyrste Longeraksgarden. Etter Innistog kom [[Monen (Longerak)|Attistog]], og då dei grov ut til grunnmur for eit nytt bygg på Innistog i 1922 fann dei kjellargrova etter dei gamle husa på Attistog. Attistognamnet råka i ubruk, medan Monen tok over. Kvar [[Knutstog (Longerak)|Knutstog]]-stova opphaveleg var er uvisst, men det er funne spor i åkeren nordvestføre Innistog-husa som tyder at det ein gong har vore hus der &ndash; og ildebrann. Det er godt mogleg å tenkje seg at «Knut» så har bygd husa opp att der dei står no, men sikkert er det ikkje. [[Oppistog (Longerak)|Oppistog]]-stova som brann ned tidleg i 1800-åra låg ved den øvre enden av Innistoghagen, ved postvegen, men vert bygd opp att lengre opp i bakken i 1830-40-åra ein gong.


==Gardar i Longerak==
==Gardar i Longerak==

Versjonen frå 15. januar 2013 kl. 13:09

Longerak før 1920 (Frå Byglandskalenderen 1988)

Longerak er ei bygd på austsida av Byglandsfjorden sør i Bygland kommune. Namnet uttalast /lå2ngera:k/, og bygda ligg ved fylkesveg 36 og riksveg 9 mellom Grendi og Bygland. Longerak er ein eigen grunnkrins i kommunen, og i 2012 budde 42 personar her.[1] Arealet er på 23,61 km² (5,55km² ferskvatn, og 18,06 landareal).[2]

Bygdestova på Longerak ligg ved fylkesvegen på Monen sin grunn, og den gamle bygdeskulen ligg litt lenger sør ved Innistog. Sør i bygda, rett før fylkesvegen tek av frå riksveg 9, ligg Longerak Hyttesenter og Camping, Søbø Camping ligg lengst sør ved fylkesvegen medan Longerakhyttene ligg nord i bygda. Oppe i lia på austsida av riksveg 9 bygde tuberkulosesanatoriet på Landeskogen eit kraftverk som nyttar ein del av vatnet frå Longeraksåni, og kraftproduksjonen starta i 1916.

Frå 1. juli 1898 til 31. oktober 1967 hadde bygda eige poståpneri på garden Innistog der dampskipet la til, og seinare fekk dei og telefonsentral her. 1. juli 1925 skifta poststaden namn frå Langerak til Longerak. Bygda har no (2012) postnummer 4741 Byglandsfjord. Den første postopnaren var Torgeir Olavson Langerak, og frå 1. oktober 1921 styrde Ingebjørg Langerak telefonen.[3]

Monen låg Setesdals Landbruks- og Husmorskule.

Historia

Den fyrste skriftlege kjelda som omhandlar Longerak (då nemnd «Longerack») er eit diplom frå 1563,[4] men sjølve garden er mykje eldre. I diplomen stadfesta Roer Rolleuson og Biørn Aadson, lagrettemenn frå Evje sogn i Råbyggelaget, at Theu (Thof?) Østenssøn selde ein del av garden Longerack i Ordall (Årdal) til Jørund Svenungssøn under eit ting på kyrkjegarden ved «Ardals kiercky gar». Garden hadde kona til Østenssøn arva etter foreldra sine, og prisen var «1 Mark Guld».

Reidar Bolling skriv i si gards- og ættesoge for Bygland[5] at Innistog truleg er det eldste bruket på Longerak, og det er uvisst når det blei kløyvd i mindre delar. Søbø skal ha blitt rudd seinare, og utanom den fyrste Longeraksgarden. Etter Innistog kom Attistog, og då dei grov ut til grunnmur for eit nytt bygg på Innistog i 1922 fann dei kjellargrova etter dei gamle husa på Attistog. Attistognamnet råka i ubruk, medan Monen tok over. Kvar Knutstog-stova opphaveleg var er uvisst, men det er funne spor i åkeren nordvestføre Innistog-husa som tyder at det ein gong har vore hus der – og ildebrann. Det er godt mogleg å tenkje seg at «Knut» så har bygd husa opp att der dei står no, men sikkert er det ikkje. Oppistog-stova som brann ned tidleg i 1800-åra låg ved den øvre enden av Innistoghagen, ved postvegen, men vert bygd opp att lengre opp i bakken i 1830-40-åra ein gong.

Gardar i Longerak

Longerak har gardsnummer 54. Tabellen er sett opp etter Reidar Bolling si inndeling.[6]

Innistog, gnr. 54/1

Monen, gnr. 54/2
Knutstog, gnr. 54/3
Oppistog , gnr. 54/4
Øvre Søbø, gnr. 54/5
Huset, gnr. 54/7
Nedre Søbø, gnr. 54/8

Vittenberg, gnr. 54/10
Strandheim, gnr. 54/13
Solbakken, gnr. 54/20
Einerholtet, gnr. 54/21
Vollen, gnr. 54/22
Holtet, gnr. 54/23
Høgevoll, gnr. 54/?
Holland, gnr. 54/?

Referansar