Stebekken (Kjetså): Skilnad mellom versjonar
s Kart |
s Orto |
||
| Line 2: | Line 2: | ||
'''Stebekken''' på [[Kjetså]] er ei lita elv som renn sør-vestover frå [[Kvietjønn]] i Hornnes-skogen og ut i [[Kjetsåna]] frå nord ca 1,5 km vest for Kjetså i [[Hornnes]]. | '''Stebekken''' på [[Kjetså]] er ei lita elv som renn sør-vestover frå [[Kvietjønn]] i Hornnes-skogen og ut i [[Kjetsåna]] frå nord ca 1,5 km vest for Kjetså i [[Hornnes]]. | ||
«Stee» er eit område som blir oversvømt i flaumar, slik at jorda blir ei blanding av myr og finsand. Dette høver godt for Stebekken, som etter å ha runne bratt ned frå Kvietjønn slyngar seg roleg gjennom dei flate myrene og skogane vest for Kjetså. I fordums tid var det ein del floting av tømmer i Stebekken fram til Kjetsåna. | |||
Langt tilbake i tid må det ha vore ei oppdemning av is ute i [[Otra]]-dalføret, slik at vatnet frå [[Dåsvannsdalen]] ei tid fekk avlaup gjennom [[Urdalen (Hornnes)]] i [[Hornåsen]] til det lågare terrenget vestanfor (mot Kjetså). Denne svære elva gjennom Urdalen og vidare til Kjetsåna kan kanskje i si tid ha gått om lag der Stebekken i dag renn? | Langt tilbake i tid må det ha vore ei oppdemning av is ute i [[Otra]]-dalføret, slik at vatnet frå [[Dåsvannsdalen]] ei tid fekk avlaup gjennom [[Urdalen (Hornnes)]] i [[Hornåsen]] til det lågare terrenget vestanfor (mot Kjetså). Denne svære elva gjennom Urdalen og vidare til Kjetsåna kan kanskje i si tid ha gått om lag der Stebekken i dag renn? | ||
Versjonen frå 3. april 2021 kl. 17:18
Stebekken på Kjetså er ei lita elv som renn sør-vestover frå Kvietjønn i Hornnes-skogen og ut i Kjetsåna frå nord ca 1,5 km vest for Kjetså i Hornnes.
«Stee» er eit område som blir oversvømt i flaumar, slik at jorda blir ei blanding av myr og finsand. Dette høver godt for Stebekken, som etter å ha runne bratt ned frå Kvietjønn slyngar seg roleg gjennom dei flate myrene og skogane vest for Kjetså. I fordums tid var det ein del floting av tømmer i Stebekken fram til Kjetsåna.
Langt tilbake i tid må det ha vore ei oppdemning av is ute i Otra-dalføret, slik at vatnet frå Dåsvannsdalen ei tid fekk avlaup gjennom Urdalen (Hornnes) i Hornåsen til det lågare terrenget vestanfor (mot Kjetså). Denne svære elva gjennom Urdalen og vidare til Kjetsåna kan kanskje i si tid ha gått om lag der Stebekken i dag renn?
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, Arnstein 2009, s. 32
- Daniel Danielsen, Eit par geologiske småting frå Hornnes, hefte utgjeve 1931
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 206