Setesdal tråvlag 1940: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s Fjerna lenke, feil person
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Line 1: Line 1:
[[Fil:Tråvkøyring på Vassendkilen.jpg|miniatyr|Tråvkøyring på Vassendkilen mange år seinare, i 1985{{byline|[[Reidar Tveito]]}}]]
'''Tråvkøyring om vinteren på anten [[Byglandsfjorden]] eller [[Vassendkilen]]''', det har vore årvisst heilt til [[Senum Tråvbane]] kom i stand. Hesteeigarar frå [[Setesdal]] og grannedalføra møttest til tevling ute på isen for å sjå kven som hadde den snøggaste tråvaren. Mange samla seg, og det vart mykje gama under premieutdelinga om kvelden.  
'''Tråvkøyring om vinteren på anten [[Byglandsfjorden]] eller [[Vassendkilen]]''', det har vore årvisst heilt til [[Senum Tråvbane]] kom i stand. Hesteeigarar frå [[Setesdal]] og grannedalføra møttest til tevling ute på isen for å sjå kven som hadde den snøggaste tråvaren. Mange samla seg, og det vart mykje gama under premieutdelinga om kvelden.  



Versjonen frå 2. desember 2012 kl. 12:54

Tråvkøyring på Vassendkilen mange år seinare, i 1985

Tråvkøyring om vinteren på anten Byglandsfjorden eller Vassendkilen, det har vore årvisst heilt til Senum Tråvbane kom i stand. Hesteeigarar frå Setesdal og grannedalføra møttest til tevling ute på isen for å sjå kven som hadde den snøggaste tråvaren. Mange samla seg, og det vart mykje gama under premieutdelinga om kvelden.

Ei tråvkøyring som hadde gjenge føre seg den 10. mars dette året, var omtala i Fædrelandsvennen den 13. mars. Samstundes var det sett inn annonse for ei ny tråvkøyring den 17. mars, og då til bate for Finnland som det sto i teksta. På denne tida kjempa finnane sin fortvila kamp mot den russiske overmakta, og medkjensla var stor i dei andre skandinaviske landa. Det vart vanleg å sjå annonser frå butikkar som skulle ha eit eindags utsalg til sjølvkost, og der øveskotet vart send til hjelp for Finnland, og folk vart oppmoda om å handle.

Setesdal tråvlag ville på sin måte hjelpa til, og tillysa difor ei ny tråvkøyring der øveskotet skulle gå hjelp for finnane. Korleis resultatet vart, er uvisst. Som kjent så vart det Noregs tur til å verta hærteken nokre veker seinare, den 9. april.

Setesdals tråvlag

Setesdal tråvlag hadde køyring på fjorden med Bygland no sundag 10. mars. Banen var god og veret og, noko lite kaldt utpå isen, men ingen ting mot det me var vant til frå februar. Det var ikkje så mange hestar som tevla. Men dei få var jamt over gode, og so fin køyring var det skjeldan å sjå.

(Den lange resultatlista er ikkje tatt med her)

Sjå her! Tråvkøyrarstemna på Byglandsfjord den 17. mars 1940 kl. 13 (kl. 1 em.)

Køyring til bate for Finnland. For alle hestar i alderen frå 1 1/2 til 25 år. Det vert ei mynstring ikkje berre av tråvarar, men og av vanlege arbeids- og gardshestar. Alle slag køyregreidor kan nyttast.

(Det har kome spurnader frå nokre som vil møta fram og kaupa unge folar)

Fest etter køyringi med talar, felespel og song. Møt mannjamt fram! Ein tek atterhald um dårleg is- og vertilhøve.

For tilskipingsnemndi på Byglandsfjord: Aasulv Lande.

Kjelde