Elise Marie Kringen: Skilnad mellom versjonar
ein start |
lenkefiks |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
{{DEFAULTSORT:Kringen, Elise Marie}} | {{DEFAULTSORT:Kringen, Elise Marie}} | ||
[[Kategori:Personer fra Valle kommune]] | [[Kategori:Personer fra Valle kommune]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Lærere]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1953]] | [[Kategori:Fødsler i 1953]] | ||
Versjonen frå 8. september 2010 kl. 20:14
Elise Marie Kringen (fødd 1953 i Meråker) er assisterande rådmann i Valle kommune frå 2009. Før det var ho rektor på Hylestad skule, ei stilling ho hadde i to periodar. Først kom ho til Hylestad skule som rektor i 1986 og hadde stillinga til 1994. Deretter arbeidde ho som sjølvstendig pedagogisk konsulent nokre år før ho vart rådgjevar og avdelingsleiar på Sørlandets kompetansesenter. I 2007 kom ho tilbake til Hylestad skule som rektor.
Ho er gift med Knut T. Berg og bur på Uppstad. Dei driv med sau og har 160 vinterfora sauer. I tillegg har dei saman med to andre grunneigarar starta opp arbeid med Uppstad Fjellgrend, som er eit hytteprosjekt med hundre tomter.
Elise Marie Kringen er utdanna lærar frå Stord lærarhøgskule i 1976. Deretter reiste ho til Finnmark og var lærar i Gjesvær i åtte år. Sidan tok ho vidareutdanning i Oslo i spesialpedagogikk og tok embetseksamen der. Ho arbeidde i Bykle og Kviteseid medan ho vidareutdanna seg.
Ho er aktivt engasjert som sauebonde og er med i både lamming og drift av garden. Og ho likar godt å gå i heiane.