Undervisningsbygget Evjemoen: Skilnad mellom versjonar
s Oppdatert bilde |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
[[Kategori:Bygninger i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Bygninger i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Utdanning]] | |||
Versjonen frå 5. mars 2020 kl. 09:11

Undervisningsbygget Evjemoen er eit gamalt bygg, oppført i 1962, i Søndre leir på Evjemoen som vart brukt til undervisningsformål og anna medan Evjemoen framleis var ein militærleir. Vaksenopplæringa i Evje og Hornnes, under leiing av rektor Søren Østerhus, heldt til her gjennom ein trettiårs-periode frå midt på 1960-talet. Svært mange soldatar som var inne til førstegongsteneste har teke kurs og/eller vidareutdanning i mange ulike fag i desse lokala.
Etter at Evje og Hornnes kommune overtok Evjemoen i juni 2003 har bygget ikkje vore så mykje brukt. Til tider har det stått tomt. Men frå vinteren 2016 kom det i bruk igjen til norskundervisning for asylsøkarar ved det nye Evje statlige mottak som blei etablert i kommunen hausten 2015.
Frå august 2017 er både Flyktningtenesta og Vaksenopplæringa i Evje og Hornnes plassert i bygget.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, 2003, side 149