Torleiv B. Aakre: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Kjelder: orto
Line 8: Line 8:


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Bjug T. Åkre]], ''Torleiv B. Aakre - Livet og livsverket'', innleiande kapittel i [[Olav M. Holen]], ''[[Meir gamalt or Sætesdal II]]'', utgjeve av Bokbyen Forlag]], 2017, side 10-14
*[[Bjug T. Åkre]], ''Torleiv B. Aakre - Livet og livsverket'', innleiande kapittel i [[Olav M. Holen]], ''[[Meir gamalt or Sætesdal II]]'', utgjeve av Bokbyen Forlag, 2017, side 10-14
*[[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle]]'', utgjeve av Valle kommune, 1987, side 108-109
*[[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle]]'', utgjeve av Valle kommune, 1987, side 108-109



Versjonen frå 11. august 2019 kl. 19:36

Torleiv B. Aakre
Født: 10. oktober 1880
Død: 1972 (alder 91–92)

Torleiv Bjugson Aakre (fødd 10. oktober 1880, død 1972) var gardsarbeidar, folkeminnesamlar, skribent og diktar i Valle. Tekstane etter Torleiv Aakre er samla og utgjeve av Olav M. Holen og Kjell Erik Guddal i dei to bøkene Meir gamalt or Sætesdal II og Meir gamalt or Sætesdal III, utgjeve i 2017.

Torleiv var fødd i Nordigard Åkre. Her budde han heile sitt liv. Han var den førstefødte til odelsbonden Bjug Torleivson Aakre (f. 1849, d. 1939) og kona Birgit Olsdotter Åkre (f. Heistein, 1860, d. 1946). Men foreldra skøytte garden direkte over til sonesonen Bjug i 1932, og Torleiv heldt fram med å vere gardsarbeidar. Han var gift med Gyro Bjørnsdotter Aakre (f. Harstad, 1880, d. 1929). Dei hadde fire born saman: Bjug (f. 1909), Bjørn (f. 1913), Birgit (f. 1916) og Daniel (f. 1920).

Torleiv var bror til Ånund B. Åkre og Torjus Aakre.


Kjelder