Tarald Myrum: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Setesdal Forsøksring og kjelde
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
oppdaterte
Line 5: Line 5:
I tillegg til politikken har han vore sterkt engasjert i [[Valle IL]], der han har vore leiar ei årrekke. Han var pådrivar for å få reist Vallehalli medan han var ordførar. Sjølv er han aktiv på ski og har gått [[Sesilåmi]] ei rekke gonger og er med i leiinga av rennet.  
I tillegg til politikken har han vore sterkt engasjert i [[Valle IL]], der han har vore leiar ei årrekke. Han var pådrivar for å få reist Vallehalli medan han var ordførar. Sjølv er han aktiv på ski og har gått [[Sesilåmi]] ei rekke gonger og er med i leiinga av rennet.  


På garden driv han og kona [[Randi Gåserud Myrum]] melkeproduksjon og har som ein av dei fyrste i Setesdal fått installert melkerobot i fjøset. Dei har sonen [[Lars Tarald Myrum]]. Tarald Myrum er styreleiar i [[Setesdalstunet]] AS, eit selskap som eig fleire av bygningane ved [[Riksveg 9]] i Valle sentrum, mellom anna bygningen der [[Valle Radio]] held til.  
På garden driv han og kona [[Randi Gåserud Myrum]] melkeproduksjon og har som ein av dei fyrste i Setesdal fått installert melkerobot i fjøset. Dei har sonen [[Lars Tarald Myrum]]. Tarald Myrum var styreleiar i [[Setesdalstunet]] AS, eit selskap som eig fleire av bygningane ved [[Riksveg 9]] i Valle sentrum, mellom anna bygningen der [[Valle Radio]] held til, men då han vart ordførar i 2011, overtok [[Knut H. Nomeland]] dette vervet.


Tarald Myrum gjekk ut av [[Hornnes gymnas]] i 1973. Sidan studerte han på Norges Landbrukshøgskole, der han avslutta studiene i 1979. Så var han leiar i [[Setesdal Forsøksring]] ein periode før han overtok heimegarden.
Tarald Myrum gjekk ut av [[Hornnes gymnas]] i 1973. Sidan studerte han på Norges Landbrukshøgskole, der han avslutta studiene i 1979. Så var han leiar i [[Setesdal Forsøksring]] ein periode før han overtok heimegarden.

Versjonen frå 9. oktober 2012 kl. 09:31

Tarald Myrum

Tarald Myrum (fødd 19. september 1952) er bonde i Valle kommune. Han var ordførar i Valle frå 1992 til 1999, då Steinar Kyrvestad overtok vervet. Tarald Myrum representerer Valle Senterparti og har også vore leiar av Aust-Agder Senterparti og medlem av Aust-Agder fylkesting for Senterpartiet. Der var han medlem av fylkesutvalet og leiar av fylkesvalgstyret. Etter kommunevalet i 2011 kom han tilbake i Valle kommunestyre og vart vald til ordførar att for perioden 2011 til 2015.

I tillegg til politikken har han vore sterkt engasjert i Valle IL, der han har vore leiar ei årrekke. Han var pådrivar for å få reist Vallehalli medan han var ordførar. Sjølv er han aktiv på ski og har gått Sesilåmi ei rekke gonger og er med i leiinga av rennet.

På garden driv han og kona Randi Gåserud Myrum melkeproduksjon og har som ein av dei fyrste i Setesdal fått installert melkerobot i fjøset. Dei har sonen Lars Tarald Myrum. Tarald Myrum var styreleiar i Setesdalstunet AS, eit selskap som eig fleire av bygningane ved Riksveg 9 i Valle sentrum, mellom anna bygningen der Valle Radio held til, men då han vart ordførar i 2011, overtok Knut H. Nomeland dette vervet.

Tarald Myrum gjekk ut av Hornnes gymnas i 1973. Sidan studerte han på Norges Landbrukshøgskole, der han avslutta studiene i 1979. Så var han leiar i Setesdal Forsøksring ein periode før han overtok heimegarden.

Kjelde

Eksterne lenker