Ånund B. Åkre: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
Inkje endringssamandrag |
||
| Line 2: | Line 2: | ||
'''Ånund Bjugson Åkre''' (fødd 24. oktober 1889, død 1985) var gardsarbeidar, offiser, bank formann og revisor i [[Valle]]. | '''Ånund Bjugson Åkre''' (fødd 24. oktober 1889, død 1985) var gardsarbeidar, offiser, bank formann og revisor i [[Valle]]. | ||
[[Fil:Birgit og Ånund Åkre 1921.jpg|miniatyr|venstre|Birgit og Ånund Åkre i 1921. {{Byline|Fotograf Kristiansand}}]] | [[Fil:Birgit og Ånund Åkre 1921.jpg|miniatyr|venstre|Birgit og Ånund Åkre i 1921. {{Byline|Fotograf i Kristiansand}}]] | ||
[[Fil:Ånund B Åkre 93 år.jpg|miniatyr|høyre|Ånund B Åkre (93 år) på bygdevegen i Åraksbø. {{Byline|[[Knut Eldhuset (1958)]]}}]] | [[Fil:Ånund B Åkre 93 år.jpg|miniatyr|høyre|Ånund B Åkre (93 år) på bygdevegen i Åraksbø. {{Byline|[[Knut Eldhuset (1958)]]}}]] | ||
Versjonen frå 5. februar 2019 kl. 23:00
| Ånund B. Åkre | ||
|---|---|---|
| Født: | 24. oktober 1889 | |
| Død: | 1985 (alder 95–96) | |
Ånund Bjugson Åkre (fødd 24. oktober 1889, død 1985) var gardsarbeidar, offiser, bank formann og revisor i Valle.


Ånund var fødd i Nordigard Åkre. Han var son til odelsbonden Bjug Torleivson Aakre (f. 1849, d. 1939) og kona Birgit Olsdotter Åkre (f. Heistein, 1860, d. 1946).
Han gifte seg i 1921 med Birgit Bjørnsdotter Kveste (bnr 1) ( f 1899). Tipp oldefar til Birgit var Eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten. Dei hadde 6 born saman: Birgit (1922), Bjug Aa. Aakre (f. 1925), Tone (f. 1929), Bjørn (f. 1934), Inger Å. Åkre (f. 1936) og Olav (f. 1942). Birgit (f. 1922) gifte seg i 1948 med Hallvard Eldhuset i Åraksbø . Birgit (f. 1899) døydde alt i 1968. Etter det var Ånund og Inger som regel 14 dagar hos Birgit (1922) i Åraksbø vår og haust.
Ånund gjekk underoffiserskulen i Kristiansand i åra 1907-1910. I 1912 tok han eit kurs ved Treiders handelsskule i Oslo. Då han reiste til Oslo gjekk han på ski over heia frå Valle til Bandaksli i Telemark i sprengkulde. I 1916 vart han fastlønt sersjant ved Agder infanteriregiment. Han var også lærar i Bykle ein vinter i 1917. I 1930 vart han fenrik og i 1935 løytnant.
Ånund kjøpte gnr 42 Prestegarden bnr 11 og 13 Skeidvodden i 1925. Denne selde han att i 1934 til bror sin Torjus Åkre. Svigermor hans kjøpte gnr 54 Kveste bnr 1 Sygard på auksjon i 1934 og overlet garden til Ånund. I 1940 kjøpte han gnr 45 Rike bnr 7 Skumstein.
Ånund var heradskasserar i Valle i 6-7 år. Han var og ei tid med i Valle heradstyre. Han kom inn i forstandarskapet i Valle Sparebank i 1928 og gjekk over i styret i 1934 der han var formann frå 1944 til 1961. Han var revisor i Valle handelssamlag i 36 år og styrar ei tid av Valle Handelssamlag.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 108,229,442.
- Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 212-216.
- Tarald Nomeland, Ein av dei stillfarande, Aanund B. Aakre har slutta som formann i Valle Sparebank , avisutklipp 1962.
- Leonhard Jansen , Valle sparebank 150 år, 2017, side 202-204.
- Delvis basert på opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)