Hallvard Eldhuset: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
Inkje endringssamandrag
Line 2: Line 2:
[[Fil:Hallvard bok framside.jpg|miniatyr|høyre| ]]
[[Fil:Hallvard bok framside.jpg|miniatyr|høyre| ]]


'''Hallvard Eldhuset''' (fødd [[9. juni 1914]] i [[Åraksbø]], død [[3. desember 1976]]) var lærar og skuleinspektør (seinare skulesjef) i [[Bygland kommune]].  Han vaks opp på garden [[Eldhuset]] (bnr 5) i Åraksbø og lærde bondeyrket å kjenne alt frå tidlege barne- og ungdomsår. Seinare overtok han heimegarden i Åraksbø saman med kona Birgit som var fødd Åkre i Valle. Tipp tipp oldefar til Birgit var Eidsvollsmannen [[Olav Knutsson Tveiten]] . Halvtanta til Hallvard var Birgit Halvorsdotter Eldhuset (1867) og var gift med  [[Bjørgulv Myhola]] . Hallvard og Birgit hadde tre gutar som vaks opp på garden. [[Ånund Eldhuset]] (1953) overtok garden og var ein dyktig skilaupar som vann dei fire første renna i [[Sesilåmi]]. [[Torgrim Eldhuset]] (1951) blei sivilingeniør i sterkstraum ved NTH og [[Knut Eldhuset (1958)|Knut Eldhuset]] (1958) studerte realfag i Oslo og blei forskar.
'''Hallvard Eldhuset''' (fødd [[9. juni 1914]] i [[Åraksbø]], død [[3. desember 1976]]) var lærar og skuleinspektør (seinare skulesjef) i [[Bygland kommune]].  Han vaks opp på garden [[Eldhuset]] (bnr 5) i Åraksbø og lærde bondeyrket å kjenne alt frå tidlege barne- og ungdomsår. Seinare overtok han heimegarden i Åraksbø saman med kona Birgit som var fødd Åkre i Valle. [[Første traktoren i Åraksbø]] blei kjøpt av Hallvard i 1956. Tipp tipp oldefar til Birgit var Eidsvollsmannen [[Olav Knutsson Tveiten]] . Halvtanta til Hallvard var Birgit Halvorsdotter Eldhuset (1867) og var gift med  [[Bjørgulv Myhola]] . Hallvard og Birgit hadde tre gutar som vaks opp på garden. [[Ånund Eldhuset]] (1953) overtok garden og var ein dyktig skilaupar som vann dei fire første renna i [[Sesilåmi]]. [[Torgrim Eldhuset]] (1951) blei sivilingeniør i sterkstraum ved NTH og [[Knut Eldhuset (1958)|Knut Eldhuset]] (1958) studerte realfag i Oslo og blei forskar.


Han gjekk befalsskulen i [[Kristiansand]], der han var ferdig i 1937 med hovudkarakter sers godt. Deretter tok han examen artium. Så vart det lærarskuleeksamen i Volda i 1941 og hadde så lærarpost på Tjøtta på Helgeland eit års tid. I 1942 kom han heim att og vart lærar i [[Bygland kommune]], dei fyrste åra i framhaldsskulen, som flytte frå grend til grend men etter kvart vart fast på [[Bygland]]. I åra 1947-1951 var han lærar ved [[Evje framhaldsskule]]. Etter kvart vart han skuleinspektør i Bygland kommune. [[Olav Arne Kleveland]], som var eleven til Eldhuset medan han var lærar på framhaldsskulen i Evje, har skrive at han var ein av dei mest dugande, mest energiske og mest ansvarsfulle lærarane han hadde hatt. Kleveland meiner Eldhuset må gå inn i skulesoga for [[Setesdal]] som ein av dei absolutt beste pedagogane dalen har ått.  
Han gjekk befalsskulen i [[Kristiansand]], der han var ferdig i 1937 med hovudkarakter sers godt. Deretter tok han examen artium. Så vart det lærarskuleeksamen i Volda i 1941 og hadde så lærarpost på Tjøtta på Helgeland eit års tid. I 1942 kom han heim att og vart lærar i [[Bygland kommune]], dei fyrste åra i framhaldsskulen, som flytte frå grend til grend men etter kvart vart fast på [[Bygland]]. I åra 1947-1951 var han lærar ved [[Evje framhaldsskule]]. Etter kvart vart han skuleinspektør i Bygland kommune. [[Olav Arne Kleveland]], som var eleven til Eldhuset medan han var lærar på framhaldsskulen i Evje, har skrive at han var ein av dei mest dugande, mest energiske og mest ansvarsfulle lærarane han hadde hatt. Kleveland meiner Eldhuset må gå inn i skulesoga for [[Setesdal]] som ein av dei absolutt beste pedagogane dalen har ått.  

Versjonen frå 25. januar 2019 kl. 20:52

Hallvard Eldhuset
Hallvard Eldhuset 50 år
Født: 9. juni 1914
Død: 3. desember 1976 (62 år)

Hallvard Eldhuset (fødd 9. juni 1914 i Åraksbø, død 3. desember 1976) var lærar og skuleinspektør (seinare skulesjef) i Bygland kommune. Han vaks opp på garden Eldhuset (bnr 5) i Åraksbø og lærde bondeyrket å kjenne alt frå tidlege barne- og ungdomsår. Seinare overtok han heimegarden i Åraksbø saman med kona Birgit som var fødd Åkre i Valle. Første traktoren i Åraksbø blei kjøpt av Hallvard i 1956. Tipp tipp oldefar til Birgit var Eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten . Halvtanta til Hallvard var Birgit Halvorsdotter Eldhuset (1867) og var gift med Bjørgulv Myhola . Hallvard og Birgit hadde tre gutar som vaks opp på garden. Ånund Eldhuset (1953) overtok garden og var ein dyktig skilaupar som vann dei fire første renna i Sesilåmi. Torgrim Eldhuset (1951) blei sivilingeniør i sterkstraum ved NTH og Knut Eldhuset (1958) studerte realfag i Oslo og blei forskar.

Han gjekk befalsskulen i Kristiansand, der han var ferdig i 1937 med hovudkarakter sers godt. Deretter tok han examen artium. Så vart det lærarskuleeksamen i Volda i 1941 og hadde så lærarpost på Tjøtta på Helgeland eit års tid. I 1942 kom han heim att og vart lærar i Bygland kommune, dei fyrste åra i framhaldsskulen, som flytte frå grend til grend men etter kvart vart fast på Bygland. I åra 1947-1951 var han lærar ved Evje framhaldsskule. Etter kvart vart han skuleinspektør i Bygland kommune. Olav Arne Kleveland, som var eleven til Eldhuset medan han var lærar på framhaldsskulen i Evje, har skrive at han var ein av dei mest dugande, mest energiske og mest ansvarsfulle lærarane han hadde hatt. Kleveland meiner Eldhuset må gå inn i skulesoga for Setesdal som ein av dei absolutt beste pedagogane dalen har ått.

I mange år var han meldar i Fædrelandsvennen frå Bygland kommune og skreiv fleire artiklar om slitet si soga i Åraksbøheiane i same avis. Seinare skreiv han andaktane i Setesdølen då den tok til å kome ut. Som lyrikar hadde han ein djup religiøs undertone i dikta, og han var sterkt engasjert i sundagsskulen. Men også mållagsarbeid og fråhaldsarbeid engasjerte han seg i.

I fleire periodar var han medlem av kommunestyret i Bygland, og i 1969 stod han på 3. plass på lista til Stortingsvalet for Kristeleg Folkeparti i Aust-Agder. Som medlem av kommunestyret var han og med i ei rekke nemnder og utval i kommunen.

Hallvard Eldhuset skreiv og i Jol i Setesdal og laga prologar og dikt til ulike samanhengar. Setesdalsforlaget gav i 2010 ut ei bok med dikt i utval ved Ånund K. Homme.

Bibliografi:

Kjelder

Eksterne lenker