Birkeland (Evje og Hornnes gnr. 5): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Bilde |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 15: | Line 15: | ||
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Hornnes]] | |||
Siste versjonen frå 24. januar 2019 kl. 08:00
Foto: Geir Daasvatn

Foto: Kathe Merete Kjetså
Birkeland er ein gard (gnr. 5) på vestsida av Otra, mellom gardane Moseid i nord og Fennefoss i sør-vest, i Evje og Hornnes. I vest, høgt oppe i heia over Otra, grensar garden til Ås. På andre sida av Otra ligg Evje tettstad.
Birkeland er eit veldig vanleg gardsnam på Agder. Det tyder «grunn der det veks bjørk».
Professor N. Nicolaysen har grove ut åtte gravhaugar på Birkeland (1882). Gravene blei tidfesta til 6. århundre e. Kr. Garden går difor temmeleg sikkert heilt tilbake til folkevandringstida (400-600 e. Kr.).
Det tettbygde stroket Krossen vaks fram på Birkeland grunn på første halvdel av 1900-talet.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, Arnstein 2006, s. 32
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 100-134
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 62-70