Topsæ: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
Lenke |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Topsæ 290617.jpg|miniatyr|høyre|Topsæ sett nord-vestover frå søre enden, ved [[Topsæstemmen]], {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Topsæ 290617.jpg|miniatyr|høyre|Topsæ sett nord-vestover frå søre enden, ved [[Topsæstemmen]], {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Topsæ-sept-86.jpg|miniatyr|høyre|Topsæ sett frå | [[Fil:Topsæ-sept-86.jpg|miniatyr|høyre|Topsæ sett frå [[Pilegrimheii]], {{Byline|[[Knut Eldhuset (1958)]]}}]] | ||
'''Topsæ''' er eit stort vatn i [[Bygland austhei]], nord-aust for [[Åraksbø]] og aust for [[Hovatn]]. Vatnet er rundt fire kilometer langt, og har eit areal på om lag 2,2 kvadratkilometer. Grensa mot [[Fyresdal]] og [[Telemark]] går ikkje så langt aust for Topsæ. | '''Topsæ''' er eit stort vatn i [[Bygland austhei]], nord-aust for [[Åraksbø]] og aust for [[Hovatn]]. Vatnet er rundt fire kilometer langt, og har eit areal på om lag 2,2 kvadratkilometer. Grensa mot [[Fyresdal]] og [[Telemark]] går ikkje så langt aust for Topsæ. | ||
Versjonen frå 12. januar 2019 kl. 22:42

Topsæ er eit stort vatn i Bygland austhei, nord-aust for Åraksbø og aust for Hovatn. Vatnet er rundt fire kilometer langt, og har eit areal på om lag 2,2 kvadratkilometer. Grensa mot Fyresdal og Telemark går ikkje så langt aust for Topsæ.
Tovdalselva kjem frå Kjetebuvatn og renn inn i Topsæ frå nord. I sør renn elva ut av vatnet og vidare gjennom Årdalen til Tovdal. Topsæ høyrer såleis til Tovdalsvassdraget.
Det går skogsbilveg (bomveg) ti kilometer austover til Tovdalselva frå Haugetveit i Åraksbø. Frå enden av den opne vegen går det ei grein (stengd med bom) nordover til Årdalstøyl. Derfrå går det sti ca. 1,5 kilometer vidare norover til Topsæ.
Fornminne
I eit område som går frå Straumsfjorden i nord og sørover langs Topdalselva forbi Topsæ og vidare gjennom Årdalen, er det registrert ei rekke med funn frå steinalderen.[1] Dei mange funna stadfestar at området må ha vore utnytta av fangstfolk kanskje så langt tilbake i tid som 7000 år.[2]
Kjelder
Referansar
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgeve av Bygland kommune, 2006, side 226-229
- ↑ Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 16 og side 257 flg.