Valle folkebibliotek: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
s →Eksterne lenker: reparert lenke til kommunens nettside |
||
| Line 35: | Line 35: | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
*[http://valleinf.valle.kommune.no/mikromarc/ Søk i boksamlinga til Valle folkebibliotek] | *[http://valleinf.valle.kommune.no/mikromarc/ Søk i boksamlinga til Valle folkebibliotek] | ||
*[http://www.valle.no/ | *[http://www.valle.kommune.no/bibliotek.293633.nn.html Om Valle folkebibliotek på nettsida til Valle kommune] | ||
Versjonen frå 11. november 2018 kl. 07:21

Valle folkebibliotek heldt lenge til i det gamle kommunehuset i Valle. Men frå opninga av Sæbyggjen hausten 2018, flytta biblioteket dit. Biblioteket har og ei avdeling på Rysstad. Til saman er arealet 442 m2. Total utlånstid er 22,5 timar i veka i 45 veker. Lisbeth Dalquist Homme var biblioteksjef i Valle til august 2015, då tok Kjersti Torbjørnsen over. Gunnar Hillestad hjalp til i arbeidet frå 2006 til våren 2014 og Jan Torjus Ødeskaug frå hausten 2011. Frå 2016 har Tracy Lun vore assistent.
Valle folkebibliotek arrangerer bokkveldar og har eit godt samarbeid med skulane i kommunen. Dei arrangerer og ein lesesirkel i samarbeid med Aust-Agder fylkesbibliotek i serien «Agder les nordisk». Biblioteket skaffar bøker frå andre bibliotek om dei ikkje har bøkene sjølv. Det er og med i ei ordning som gjer at du kan låne ei bok i Valle og levere den inn kor som helst i landet. Bøker som er lånte på andre bibliotek, kan og leverast inn i Valle. På utsida av biblioteket er eitt av dei mange internettpunkta i Setesdal.
Opningstider
- Valle
- Tirsdag 11:00 - 15:30
- Onsdag 16:00 - 19:00
- Torsdag 13:00 - 19:00
- Hylestad
- Måndag 13:00 - 19:00
- Onsdag 11:00 - 15:00
Statistikk
| Årstall | Antall | Utlån | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Bøker | Lydbøker | Musikk | Film | Born | Vaksne | Totalt | |
| 2008 | 27792 | 952 | 968 | 727 | 3951 | 5384 | 9335 |