Breistøl: Skilnad mellom versjonar
s Lagt til en kilde + en kategori |
s Sjå også - lenke |
||
| Line 5: | Line 5: | ||
I dag er «gamle» Breistøl for lengst nedlagt. Men ein kan ennå sjå murane etter husa på staden. | I dag er «gamle» Breistøl for lengst nedlagt. Men ein kan ennå sjå murane etter husa på staden. | ||
== Sjå også == | |||
*[[Breistøl (nye)]] | |||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
Versjonen frå 22. oktober 2018 kl. 10:58
Breistøl er ein tidlegare støyl og ein gamal husmannsplass under bruket Der inne, vest i Nedre Kjetså - Neregarden på Kjetså i Hornnes. Han ligg inn ein skogsbilveg på sørsida av Fylkesveg 42 noko før ein kjem til Tveit i Hornnes austfrå.
Plassen er nemd som øydegard i 1794. Den vidgjetne bjørneskyttaren Nils Olson Breistøl, som var fødd i 1808, er mellom dei som har budd på plassen. Ein annan er sonen til Nils Breistøl, Lars Bristol (Lars Nilsson Breistøl). Han var fødd i 1848, og flytta til England og tok Bristol til etternamn. Han vart ein kjend oppfinnar. Ein tredje er Lars Nilsson Breistøl, fødd 1846. Han var gift med Anna Jensdotter Breistøl (fødd 1861). Lars og Anna fekk 16 barn saman, og er opphavet til ei stor slekt på Kjetså og andre stader.
I dag er «gamle» Breistøl for lengst nedlagt. Men ein kan ennå sjå murane etter husa på staden.
Sjå også
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeven av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 84 og side 390-394
- Oddmund Mogstad, Seterdrift i Evje og Hornnes, Arnstein 2011, side 50
- Alf Georg Kjetså, Hornnes mi heimbygd, 2017, side 102