Skåmedal: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Siri J (diskusjon | bidrag)
litt frå diplomatariet og lenke til Oluf Rygh
Siri J (diskusjon | bidrag)
s komma
Line 9: Line 9:
# Namnet kan og passe med bare hovudelva sidan ho har grave ut 'Skåmejuvet' og på den måten kløyver landskapet vertikalt. Uttalen av '-al-' har endra seg over tid til ein låg, bakre, rund vokal som i norrønt vart skriven 'ǫ' (o med kvist) og no vert skriven 'å'. Ein finn såleis at gardsnamnet vert skriven både 'Skomedal' og 'Skåmedal'.
# Namnet kan og passe med bare hovudelva sidan ho har grave ut 'Skåmejuvet' og på den måten kløyver landskapet vertikalt. Uttalen av '-al-' har endra seg over tid til ein låg, bakre, rund vokal som i norrønt vart skriven 'ǫ' (o med kvist) og no vert skriven 'å'. Ein finn såleis at gardsnamnet vert skriven både 'Skomedal' og 'Skåmedal'.


Den fyrste skriftlege kjelda som nemner Skomedal (då nemnd «Skamodale») er eit diplom frå 1. mai 1444,<ref>[http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=4366&s=n&str= ''Diplomatarium Norvegicum'' Nummer: 893, bind IV side 654]</ref> men sjølve garden er mykje eldre. I diplomen stadfesta presten i [[Valle]], Gunnar Taraldson og lagrettemennene Jon Salveson og Eirik Torgeirsson at  
Den fyrste skriftlege kjelda som nemner Skomedal (då nemnd «Skamodale») er eit diplom frå 1. mai 1444,<ref>[http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=4366&s=n&str= ''Diplomatarium Norvegicum'' Nummer: 893, bind IV side 654]</ref> men sjølve garden er mykje eldre. I diplomen stadfesta presten i [[Valle]], Gunnar Taraldson, og lagrettemennene Jon Salveson og Eirik Torgeirsson at  
brørne Andres og Gunnar Aslakson selde ti månadsmatsbol i Nordre Skomedal til Aslak Hergilsson.
brørne Andres og Gunnar Aslakson selde ti månadsmatsbol i Nordre Skomedal til Aslak Hergilsson.



Versjonen frå 30. august 2012 kl. 13:22

Skomedal sett frå Tverrfjellet
Foto: Reidar Tveito
Skomedal, busetnad i 2006
Foto: Reidar Tveito

Skomedal er ei grend i Bygland kommune. Den ligg ved Riksvei 9 på vestsida av Åraksfjorden, om lag tre kilometer nord for Storstraumen. Grenda har gnr. 34 i Bygland.

Skomedal hadde på det meste 116 innbyggarar, det var i 1855. I 2009 bur det 20 personar i grenda.[1]

Namnet 'Skomedal' kjem i fylgje Oluf Rygh sitt verk Norske Gaardnavne[2] elvenamnet 'Skalma' (no kalla 'Skåmeåne'). 'Skalma' kjem frå 'skalm' som vart bruka om noko som var kløyvd, todela eller togreina. Det er to geografiske lokalitetar som passar med dette namnet.

  1. Hovudelva vert danna ved at Rasvætåa som kjem frå sør frå Vestre Trældalen møter Skåvassåa som kjem frå nord. Saman med hovudelva som renn mot aust lagar dette ein T som kløyver landskapet horisontalt.
  2. Namnet kan og passe med bare hovudelva sidan ho har grave ut 'Skåmejuvet' og på den måten kløyver landskapet vertikalt. Uttalen av '-al-' har endra seg over tid til ein låg, bakre, rund vokal som i norrønt vart skriven 'ǫ' (o med kvist) og no vert skriven 'å'. Ein finn såleis at gardsnamnet vert skriven både 'Skomedal' og 'Skåmedal'.

Den fyrste skriftlege kjelda som nemner Skomedal (då nemnd «Skamodale») er eit diplom frå 1. mai 1444,[3] men sjølve garden er mykje eldre. I diplomen stadfesta presten i Valle, Gunnar Taraldson, og lagrettemennene Jon Salveson og Eirik Torgeirsson at brørne Andres og Gunnar Aslakson selde ti månadsmatsbol i Nordre Skomedal til Aslak Hergilsson.

Referanser

Kart

Laster kart ...