Honnevje rasteplass: Skilnad mellom versjonar
s →Kart |
la inn Bullseye |
||
| Line 2: | Line 2: | ||
[[Fil:HONNEVJE NAF.jpg|thumb|Plaskedammar finst her og. {{byline|[[Valle Sparebank]]}}]] | [[Fil:HONNEVJE NAF.jpg|thumb|Plaskedammar finst her og. {{byline|[[Valle Sparebank]]}}]] | ||
'''Honnevje rasteplass''' vart bygd den tid [[Ånund K. Homme]] var kulturkonsulent i [[Valle kommune]]. Ein søkte SKAP-midlar og sette i gong arbeidet. Flinke folk var med, og ein brukte fantasien og tenkte praktisk for dei fleste brukargrupper. Det var svært godt samarbeid med Vegstellet, dei sette opp eit robust og moderne toalettanlegg for rasteplassar og skaffa rastebord og anna som var høveleg. Denne rasteplassen er blitt svært populær for vegfarande og det er ein del overnattingar i bubil. Det er ikkje meininga. Det er campingplassar både ovan- og nedanfor der ein kan overnatte: [[Flateland Camping]] og [[Sanden Såre bobil park]] i [[Oveinang]] og [[Valle Motell og Camp]] i [[Valle sentrum]], [[Kallefoss hyttepark]], [[Steinsland Camping]] og [[Tveiten Camping]]. | '''Honnevje rasteplass''' vart bygd den tid [[Ånund K. Homme]] var kulturkonsulent i [[Valle kommune]]. Ein søkte SKAP-midlar og sette i gong arbeidet. Flinke folk var med, og ein brukte fantasien og tenkte praktisk for dei fleste brukargrupper. Det var svært godt samarbeid med Vegstellet, dei sette opp eit robust og moderne toalettanlegg for rasteplassar og skaffa rastebord og anna som var høveleg. Denne rasteplassen er blitt svært populær for vegfarande og det er ein del overnattingar i bubil. Det er ikkje meininga. Det er campingplassar både ovan- og nedanfor der ein kan overnatte: [[Flateland Camping]] og [[Sanden Såre bobil park]] i [[Oveinang]] og [[Valle Motell og Camp]] i [[Valle sentrum]], [[Kallefoss hyttepark]], [[Steinsland Camping]] og [[Tveiten Camping]]. | ||
Sommaren 2012 fekk plassen i sommarsesongen eit nytt tilbod då Will van de Broek og Ron van Driel opna det åtte kvadratmeter store gatekjøkkenet «Bullseye».<ref>[http://www.fvn.no/naert/Det-ble-gatekjokken-pa-Honnevje-2270342.html ''Fædrelandsvennen'': [[Johs. Bjørkeli]]: «Det ble gatekjøkken på Honnevje» (vitja 22. august 2012)]</ref> | |||
==Badeplassar og -anlegg== | ==Badeplassar og -anlegg== | ||
Versjonen frå 22. august 2012 kl. 11:25
foto:Siri Johannessen

Honnevje rasteplass vart bygd den tid Ånund K. Homme var kulturkonsulent i Valle kommune. Ein søkte SKAP-midlar og sette i gong arbeidet. Flinke folk var med, og ein brukte fantasien og tenkte praktisk for dei fleste brukargrupper. Det var svært godt samarbeid med Vegstellet, dei sette opp eit robust og moderne toalettanlegg for rasteplassar og skaffa rastebord og anna som var høveleg. Denne rasteplassen er blitt svært populær for vegfarande og det er ein del overnattingar i bubil. Det er ikkje meininga. Det er campingplassar både ovan- og nedanfor der ein kan overnatte: Flateland Camping og Sanden Såre bobil park i Oveinang og Valle Motell og Camp i Valle sentrum, Kallefoss hyttepark, Steinsland Camping og Tveiten Camping.
Sommaren 2012 fekk plassen i sommarsesongen eit nytt tilbod då Will van de Broek og Ron van Driel opna det åtte kvadratmeter store gatekjøkkenet «Bullseye».[1]
Badeplassar og -anlegg
Det er varierte badeplassar på Honnevje, frå plaskedammar til djupare stader i elva. Men ein laga ikkje til så folk kunne egne seg for nær farlege plassar. Det vart laga bruer, rekkverk, stiar og bålplass midt ute i elva, så det var sikkert for brann. Store steinbord og sitjesteinar vart funne, til stor glede for dei som stakk innom. Der er flytebrygger, og dei er tilgjengelege for rullestolbrukarar.
Prisar
I 2011 vart Honnevje rasteplass kåra til årets NAF-rasteplass etter forslag av Frøydis Folgerø. I grunngjevinga heiter det: «En komplett rasteplass med tilgjengelighet som sin store styrke. Rasteplassens størrelse gjør at det er lett å slappe av og trekke seg litt vekk dersom du ønsker det. Plassen er også tilrettelagt for funksjonshemmede. Videre har Honnevje et moderne toalettanlegg, gode rastebord og ikke minst bademuligheter. Å kunne ta seg en dukkert under bilreisen kan være forfriskende både for sjåfør, voksne og barn. Vi anbefaler deg å stoppe i disse idylliske og naturskjønne omgivelsene.»[2]
Honnevje rasteplass fekk og ein pris frå Blomstrende Sørland.
Kjelder
- Johs. Bjørkeli: Honnevje kåret til landets beste Artikkel i Fædrelandsvennen 9. juli 2011 side 9
Referansar
- ↑ Fædrelandsvennen: Johs. Bjørkeli: «Det ble gatekjøkken på Honnevje» (vitja 22. august 2012)
- ↑ Honnevje er årets NAF-rasteplass. Artikkel hos naf.no 3. juli 2011
Kart
| Språk: | [[::Honnevje rasteplass|Norsk]] • [[::Honnevje rasteplass/en|English]] |
|---|