Torbjørn G. Haugen: Skilnad mellom versjonar
Utvidet artikkelen litt + kilde |
s Språkpuss |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag =22 | fmåned =4 | får =1927 | ddag =27 | dmåned =3 | dår =2012 }} | {{Person | bilde = | bildetekst = | fdag =22 | fmåned =4 | får =1927 | ddag =27 | dmåned =3 | dår =2012 }} | ||
'''Torbjørn G. Haugen''' (fødd [[22. april 1927]], død [[27. mars 2012]]) hadde gardsbruket Nedre Haugen, bnr. 6, | '''Torbjørn G. Haugen''' (fødd [[22. april 1927]], død [[27. mars 2012]]) hadde gardsbruket Nedre Haugen, bnr. 6, i [[Søndre Haugen (Bygland gnr. 31)|Søndre Haugen]] i [[Åraksbø]]. Han var ikkje gift og etterlet seg svigerinner, nieser, nevøar og annan familie. Gravferda var frå [[Sandnes kyrkje]], Åraksbø, tysdag [[3. april 2012]] klokka 12. Etter gravferda var det minnesamvær på [[Vonheim bedehus]]. | ||
Torbjørn dreiv gardsbruket og skogen. Han var mykje i skogen i [[Årdalen]]. I tillegg til heimegarden eigde han Gausemarki, Søndre Haugen bnr. 4, og Gauseskogen, Søndre Haugen bnr. 5. Lokalkunnskapen hans var til stor nytte i arbeidet med binda om Åraksbø i ''[[Bygland gard og ætt]]''. Ved sida av lokalhistorie, var hestar og tråvsport den store interessa. Han var eit svært aktivt medlem i [[Setesdal Tråvlag]], var nestleiar i mange år og blei utnemnt til æresmedlem i laget. | Torbjørn dreiv gardsbruket og skogen. Han var mykje i skogen i [[Årdalen]]. I tillegg til heimegarden eigde han Gausemarki, Søndre Haugen bnr. 4, og Gauseskogen, Søndre Haugen bnr. 5. Lokalkunnskapen hans var til stor nytte i arbeidet med binda om Åraksbø i ''[[Bygland gard og ætt]]''. Ved sida av lokalhistorie, var hestar og tråvsport den store interessa. Han var eit svært aktivt medlem i [[Setesdal Tråvlag]], var nestleiar i mange år og blei utnemnt til æresmedlem i laget. | ||
Versjonen frå 15. februar 2018 kl. 01:39
| Torbjørn G. Haugen | ||
|---|---|---|
| Født: | 22. april 1927 | |
| Død: | 27. mars 2012 (84 år) | |
Torbjørn G. Haugen (fødd 22. april 1927, død 27. mars 2012) hadde gardsbruket Nedre Haugen, bnr. 6, i Søndre Haugen i Åraksbø. Han var ikkje gift og etterlet seg svigerinner, nieser, nevøar og annan familie. Gravferda var frå Sandnes kyrkje, Åraksbø, tysdag 3. april 2012 klokka 12. Etter gravferda var det minnesamvær på Vonheim bedehus.
Torbjørn dreiv gardsbruket og skogen. Han var mykje i skogen i Årdalen. I tillegg til heimegarden eigde han Gausemarki, Søndre Haugen bnr. 4, og Gauseskogen, Søndre Haugen bnr. 5. Lokalkunnskapen hans var til stor nytte i arbeidet med binda om Åraksbø i Bygland gard og ætt. Ved sida av lokalhistorie, var hestar og tråvsport den store interessa. Han var eit svært aktivt medlem i Setesdal Tråvlag, var nestleiar i mange år og blei utnemnt til æresmedlem i laget.
Torbjørn var ugift. Foreldra hans var Gunnulv Torbjørnson Haugen (f. 1891, d. 1954) og Signe Kjetilsdotter Haugen (f. Borgi 1897, d. 1981). Bestefaren var den kjende skoghandlaren Torbjørn Gunnulvsen Haugen (f. 1851, d. 1933).
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 26, 2012 side 2
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 616-618