Berdalsbu turisthytte: Skilnad mellom versjonar
s Kilder |
sInkje endringssamandrag |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
==Ekstern lenke== | ==Ekstern lenke== | ||
*[http://www.turistforeningen.no/aust-agder | *[http://www.turistforeningen.no/aust-agder] | ||
[[Kategori:Bykle]] | [[Kategori:Bykle]] | ||
[[Kategori:Turisthytter]] | [[Kategori:Turisthytter]] | ||
Versjonen frå 24. juni 2012 kl. 14:02
Berdalsbu turisthytte ligg aust for Berdalsbru og Berdalen, og det er Aust-Agder Turistforening som eig og driftar denne sjølvbetente hytta. Ho vart sett opp i 1972 med midlar frå Arentz legat, og har seinare vorte utvida med ei sikringsbu. I alt er det nå sengeplass for 18 personar.
Berdalsbu turisthytte ligg i nordre del av løypenettet til Aust-Agder Turistforening. Ein kan gå hit frå tri retningar, frå Hovden i nord via Tjørnbrotbu turisthytte, eller i vest frå Berdalsbru på Riksveg 9 og Berdalen. Frå sør er det merka løype over Reindalsfjellet frå Bjørnevann turisthytte ved Skafsåvegen. Løypa i frå Berdalen går gjennom furu- og bjørkeskog medan dei øvrige løypene gjeng opp i snauheia.
Om ein vil opp på høgaste toppen i Aust-Agder, Sæbyggjenuten 1507 moh, så er det frå Setesdalsida greit å gå om Berdalsbu, og vidare opp Slækjeskardet til Ytre Gjuvvatn og vidare mot toppen derifrå.
Kjelde
- Aust-Agder Turistforening si nettside.
- Johan Christian Frøstrup: ''Vandringer i Setesdal Austhei'' 2001, ISBN 82-91495-09-2, side 77.