Stakkedalshytta: Skilnad mellom versjonar
→Kart: omkat |
|||
| Line 7: | Line 7: | ||
== Kjelde == | == Kjelde == | ||
*[[Sigurd Haugsgjerd]]: | *[[Sigurd Haugsgjerd]]: «KOT kan misse Stakkedalshytta.» Artikkel i ''[[Setesdølen nr. 85, 2006]]'' side 1 og 4 | ||
*Harald Flå: [[Vandringer i Setesdal Vesthei]] 2008, ISBN 978-82-91-49544-6, side 63. | *Harald Flå: ''[[Vandringer i Setesdal Vesthei]]'' 2008, ISBN 978-82-91-49544-6, side 63. | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
Versjonen frå 6. juni 2012 kl. 21:55

Stakkedalshytta var ei turisthytte i Stakkedalen i Bygland kommune. Ho låg inne på heia vest for Langeid. KOT leigde av grunneigarane frå 1949 til 2006.
Hytta vart sett opp av Turistforeninga i 1949, og det vart nytta materialar frå brakker som sto att i området etter krigen. I 1992 vart hytta ombygd, og fekk 10 sengeplassar. Hytta var mykje brukt av folk på tur mellom Langeid og Gaukhei.
I 2006 ville grunneigaren setje opp ny privat hytte på 30 kvm nede i sjølve Stakkedalen. Kommunen sa ja, men direktoratet sa nei, då hytta ville kome i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Grunneigaren fekk då kjøpe Turistforeningas hytte til eige bruk i staden. Stoda løyste seg slik at Turistforeninga fekk ein leigeavtale med eigaren av hytta i Tjønndalen, berre 20 minutts gangtid unna.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: «KOT kan misse Stakkedalshytta.» Artikkel i Setesdølen nr. 85, 2006 side 1 og 4
- Harald Flå: Vandringer i Setesdal Vesthei 2008, ISBN 978-82-91-49544-6, side 63.