Topsæ: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde av vatnet
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kart
Line 12: Line 12:
== Referansar ==
== Referansar ==
<references/>
<references/>
== Kart ==
{{#display_map: 58.97498728029874,7.8881514046224765~Toprsæ Bygland}}


[[Kategori:Vatn i Bygland]]
[[Kategori:Vatn i Bygland]]

Versjonen frå 1. juli 2017 kl. 18:53

Fil:Topsæ 290617.jpg
Topsæ sett nord-vestover frå søre enden, ved Topsæstemmen,

Topsæ er eit stort vatn i Bygland austhei, nord-aust for Åraksbø og aust for Hovatn. Vatnet er rundt fire kilometer langt, og har eit areal på om lag 2,2 kvadratkilometer. Grensa mot Fyresdal og Telemark går ikkje så langt aust for Topsæ.

Det går skogsbilveg (bomveg) ti kilometer austover til Tovdalselva frå Haugetveit i Åraksbø. Frå enden av den opne vegen går det ei grein (stengd med bom) nordover til Årdalsstøyl. Derfrå går det sti ca. 1,5 kilometer vidare norover til Topsæ.

Fornminne

I eit område som går frå Straumsfjorden i nord og sørover langs Topdalselva forbi Topsæ og vidare gjennom Årdalen, er det registrert ei rekke med funn frå steinalderen.[1] Dei mange funna stadfestar at området må ha vore utnytta av fangstfolk kanskje så langt tilbake i tid som 7000 år.[2]

Kjelder

Referansar

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgeve av Bygland kommune, 2006, side 226-229
  2. Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 16

Kart

Laster kart ...