Søråni: Skilnad mellom versjonar
s →Kjelder |
s Ekstern lenke til bilder |
||
| Line 21: | Line 21: | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
*[http://www.nve.no/no/allekonsesjoner/?soknad=4578&stadium=&type=11 Søråni kraftverk hos nve.no] | *[http://www.nve.no/no/allekonsesjoner/?soknad=4578&stadium=&type=11 Søråni kraftverk hos nve.no] | ||
*[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/albums/72157680891616093 Geir Daasvatn sine bilete av elva] | |||
[[Kategori:Elver i Bygland]] | [[Kategori:Elver i Bygland]] | ||
Versjonen frå 19. mai 2017 kl. 09:54
Søråni er ei om lag fire kilometer lang elv i Bygland. Elva ligg i Jordalsbø og kjem frå Jordalsvatn. Når elva kjem nedover mot Bygland sentrum kallast ho Kvålsåna, og renn ut i Byglandsfjorden. Heile Sørånivassdraget er på 70,3 kvadratkilometer ved utlaupet i Byglandsfjorden. Nedbørområdet strekkjer seg frå Byglandsfjorden og opp til fjellområda på 900 moh. Den øvste delen av vassdraget har noko snaufjell. I nedre deler er det skog og lyng. Området har høveleg lett tilgjenge, men Søråni er ei delvis bratt elv som er høveleg for kraftproduksjon, fallhøgda frå Jordalsvatnet til ein planlagd kraftstasjon er på 300 meter.
Regulering
Det er gjeve konsesjon for Søråni småkraftverk. Konsesjon vart først gjeve i 2008 og gjaldt for 5 år. Men grunneigarane bak tiltaket klaga på fleire forhold i vedtaket. Dei fekk delvis medhald av NVE i nytt vedtak av 26. mars 2010. Mellom anna vart vilkåret om minstevassføring redusert, og auka slukeevne godteke. NVE sitt avslag på regulering av Jordalsvatnet vart ikkje gjort om. Arbeidet med kraftverket må ta til innan 5 år etter dette for at ikkje konsesjonen skal falle bort.
I nytt vedtak av 8. juni 2016 gav NVE løyve til å auke maksimal slukeevne frå 2,35 m3/s til 4 m3/s og den installerte effekten opp til 7,7 MW. Dette vil auke årsproduksjonen med 3,4 GWh/år, frå 16,5 GWh til 19,9 GWh i eit gjennomsnittleg år.
Historie
I eldre tider blei elva kalla Jordalsåna. Ho var flotingselv. På byrjinga av 1900-talet blei det sett opp ein stor steinstem ved utløpet av Jordalsvatn. Stemmen står framleis.
Kart
Kjelder
- Søråni størst i Bygland. Artikkel i Setesdølen nr. 16, 2012 side 7
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 519 og side 541-547 (om flotinga)