Morten Søberg: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
2003
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
dr.avhandlinga
Line 7: Line 7:
*''Sverdrups ekko'' 2010 ISBN 9788252176506
*''Sverdrups ekko'' 2010 ISBN 9788252176506
*''Senatet som aldri vart'' 2009 ISBN 9788252173321
*''Senatet som aldri vart'' 2009 ISBN 9788252173321
*''Papers in experimental economics: Methodology, trading institutions and voting rules''. -Avhandling (dr. polit.) 2002 ISBN 82-497-0162-3


==Eksterne lenker==
==Eksterne lenker==

Versjonen frå 6. mai 2012 kl. 01:02

Morten Søberg

Morten Søberg (fødd 6. april 1969 i Trondheim) er statssekretær i Finansdepartementet frå 2010. Han er samfunnsøkonom med doktorgrad i 2003 frå Universitetet i Oslo. Etter gymnaset var han journalist i Nei til EU-avisa Standpunkt eit år. Frå 1997 til 2002 var han forskar i Statistisk Sentralbyrå, sidan har han vore knytt til Senterpartiet i ulike oppgåver, først som politisk rådgjevar for stortingsgruppa frå 2003 til 2007, sidan som politisk rådgjevar for Ola Borten Moe før han vart statssekretær.

Han har vore styremedlem i Noregs Mållag og ordførar i Nynorsk kultursentrums råd. Måndag 7. mai 2012 besøkte han Valle Sparebank «for å læra meir om historia til sparebankane, samfunnsansvar og gåveutdeling til ålmennyttige føremål». Han var og i Valle Radio og gjorde opptak til eit intervju til Valle Radio 9. mai 2012.

Bibliografi

  • Sverdrups ekko 2010 ISBN 9788252176506
  • Senatet som aldri vart 2009 ISBN 9788252173321
  • Papers in experimental economics: Methodology, trading institutions and voting rules. -Avhandling (dr. polit.) 2002 ISBN 82-497-0162-3

Eksterne lenker