Torgeir Drengson Bjørnaraa: Skilnad mellom versjonar
sInkje endringssamandrag |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Valle kommune +Døde personer fra Valle kommune) |
||
| Line 22: | Line 22: | ||
{{DEFAULTSORT:Bjørnarå, Torgeir}} | {{DEFAULTSORT:Bjørnarå, Torgeir}} | ||
[[Kategori:Lærere]] | [[Kategori:Lærere]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Valle kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1864]] | [[Kategori:Fødsler i 1864]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1951]] | [[Kategori:Dødsfall i 1951]] | ||
Versjonen frå 19. februar 2017 kl. 19:55
| Torgeir Drengson Bjørnaraa | ||
|---|---|---|
| Født: | 8. april 1864 | |
| Død: | 27. november 1951 (87 år) | |

Torgeir Drengson Bjørnaraa (fødd i Hommelunden i Valle 8. april 1864[1][2] og død 27. november 1951 i Asker) var naturforteljar, journalist og lærar. Han populariserte naturvitskap og vart den fremste naturskildraren på landsmål.
Biografi
Han tok eksamen ved Kristiansand seminar i 1883 og var journalist og lærar mange stader i mange år. Han arbeidde i redaksjonen til Fedraheimen, var huslærar hjå Lars Liestøl då han og huslyden hans flytte til Oslo og lærar ved Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord. I 1890 starta han bladet Sæbyggjen i Kristiansand. Frå 1909-29 var han overlærar på Stord lærarskule. Han var med i mange lag og organisasjonar og var stortingskandidat for Arbeidarpartiet i 1909 og 1912.
Med sine gode forteljingar og artiklar vart han den fremste naturforteljaren på landsmål. I 23 år skreiv han kvar laurdag ei dyresoge i bladet Socialdemokraten. Han skreiv elles mykje i nynorske blad, og frå dette samla han 10 bind Dyresogor (1916-25).
Bjørnarågåva er eit fond han oppretta til minne om foreldra Tora Paulsdotter Haugen og Dreng Tarjesen Bjørnaraa.[3]
I 1938 var han mellom pådrivarane for å etablere Setesdalsmuseet, og han gav samlingane sine til museet og Valle kommune. Før noverande museum vart bygt var denne bokgåva grunnstamma for Valle folkebibliotek. Det var visst over 4000 bind.
Heider
Han var æresmedlem i «The National Geographic Society» i USA.
Kjelder
- Ottar Grepstad: «Viljen til språk», Allkunne, Fedraheimen.