Bjørgulv Eivindsson Uppstad: Skilnad mellom versjonar
s Lenke Setesdalskjempa |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Valle kommune +Døde personer fra Valle kommune) |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
[[Kategori:Fødsler i 1789]] | [[Kategori:Fødsler i 1789]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1866]] | [[Kategori:Dødsfall i 1866]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Valle kommune]] | ||
[[Kategori:Bønder]] | [[Kategori:Bønder]] | ||
Versjonen frå 19. februar 2017 kl. 19:11
| Bjørgulv Eivindsson Uppstad | ||
|---|---|---|
| Født: | 1789 | |
| Død: | 1866 (alder 76–77) | |
Bjørguv Eivindsson Uppstad (fødd 1789, død 1866) var bonde og kjempekar frå Uppstad i Hylestad i Valle. I 1822 kjøpte han ein svær gard på Brokke (bnr. 6). Rundt 1850, etter at sonen Olav var død i ei drukningsulykke, selde han garden og levde dei siste åra av livet på eit gardsbruk på Gautestad i Evje. Han er gravlagd ved Evje kyrkje. Bjørguv er kanskje den mest kjende av «slåsskjempene» i Setesdal, og er mykje blitt kalla «Setesdalskjempa» etter at han døydde.
Familie
Bjørguv var gift med Sigrid Olsdotter Tveiten (1799-1862). Ho var dotter av eidsvollmannen og lensmannen Olav Knutsson Tveiten i Valle, og seiast å ha vore den aller gjevaste jenta på Bjørguv si tid. Bjørguv og Sigrid fekk åtte born. Eitt av borna, Svein (1833-1835) levde ikkje opp. Eitt anna av borna, Olav Bjørgulvson (1828-1846), døydde berre 18 år gamal. Dei andre var Ingebjørg Bjørgulvsdotter Gautestad (1819-1903), Gyro Bjørgulvsdotter Skomedal (1823-1915), Eivind Bjørgulvson (1825-1910), Knut Bjørgulvson (1831-1895), Svein Bjørgulvson (1836-1903) og Tarjei Bjørgulvson Haugen (1839-1923). Det er ei stor slekt etter dei i Bygland, i Evje, andre stader i landet og i Amerika.
Kjelder
- Svein Inge Olsen, Kjempa for Norge og andre setesdøler, utgjeve av Genesis forlag, Oslo 1999