Bakken (Valle gnr. 67 bnr. 3): Skilnad mellom versjonar
s Lagt til en kategori |
s Ekstern lenke |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad]]'', utgjeve av Valle kommune, 1985, side 43-54 | *[[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad]]'', utgjeve av Valle kommune, 1985, side 43-54 | ||
== Eksterne lenker == | |||
*[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/albums/72157678651118051 Biletserie på Flickr frå Bjørgum med mange av bygningane på Bakken] | |||
[[Kategori:Garder i Valle]] | [[Kategori:Garder i Valle]] | ||
[[Kategori:Hylestad]] | [[Kategori:Hylestad]] | ||
Versjonen frå 19. februar 2017 kl. 12:35
Bakken er eit gardsbruk (gnr. 67 bnr. 3) på Bjørgum i Hylestad. Bruket ligg lengst aust av dei fire hovedbruka på Bjørgum. Det er mange gamle og spesielle bygningar på eigedomen. Fleire av desse er freda. Det er ikkje fast busetnad på Bakken i dag. Heimelshavar er Trygve Askvig, Oslo.
Historie
Tor Arnesson Bjørgum eigde gardsbruket til 1920. Han selde då eigedomen til skipsreiar Emil Stray i Kristiansand. Stray bygde i 1920-1921 den særmerkte «Villaen» noko lenger oppe i lia enn hovudtunet på bruket. Han og kona Ingrid Stray dreiv pensjonat på Bakken i nokre år. Stray overførte eigedomen til kona i 1924. Ho selde han vidare til Oslo-mannen Gudbrand Askvig i 1935. Han var direktør i Norsk Brændselolje AS, og i hans tid som eigar blei Villaen mykje nytta som gjestebustad for tilsette i selskapet.
I tida etter at Bakken kom på utanbygds hender, var det fleire brukarar. Olav Andresson Bjørgum bruka til 1950. Sonen hans, Tarjei, dreiv bruket til 1955. Olav Niklosson Brokke bruka til 1965, og Torleiv Arnesson Bjørgum til 1970. Olav K. Hovet og kona forpakta etter han.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 43-54