Olav Heggland: Skilnad mellom versjonar
s Endret skrivemåte Hegland |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Bygland kommune +Døde personer fra Bygland kommune) |
||
| Line 40: | Line 40: | ||
{{DEFAULTSORT:Heggland, Olav}} | {{DEFAULTSORT:Heggland, Olav}} | ||
[[Kategori:Spelemenn]] | [[Kategori:Spelemenn]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Bygland kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1888]] | [[Kategori:Fødsler i 1888]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1974]] | [[Kategori:Dødsfall i 1974]] | ||
Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 19:35
| Olav Heggland | ||
|---|---|---|
| Født: | 18. februar 1888 | |
| Død: | 6. november 1974 (86 år) | |
Olav Heggland (fødd 1888, død 6. november 1974) var ein spelemann frå Hegland i Bygland kommune som budde på Skomedal i mange år. Han var med i Setesdal Spelemannslag heilt frå starten i 1930. Han var og med då den første kappleiken vart arrangert i Setesdal i 1908 og var med på mest kvar kappleik i Setesdal heilt til det siste. For sitt store arbeid for laget vart han laget sin første æresmedlem i Setesdal Spelemannslag, utnemnd på laget sitt årsmøte i 1958, det året han fylte 70 år.[1]
Som lærarar hadde han Knut Jonson Heddi, Eivind Åkhus og Bjørn Tveitbakk frå Setesdal og Torkjell Haugerud, Aslak Lundtveit, Halvor Flateland og Svein Løndal frå Telemark. Det han lærte, vart så omforma og gjeve eit personleg uttrykk. Frå han var 21 år reiste han rundt og heldt konsertar, og denne verksemda gav inntekt nok til å leve av heile livet. I 1924 vann han Landskappleiken i Molde det året. Han spelte då ein setesdalsgangar, Gauken etter Myllarguten og Skjoldmøyslaget.[2]
Olav Heggland spelte ofte i radio, fyrste gongen var i 1937, og då han feira 80-års dag i 1968, var kringkastinga der og gjorde opptak.
Heder
- 1972 Torkjell Haugeruds minnepris
- 1958 Æresmedlem i Setesdal Spelemannslag
Slåttar
Av dei slåttane han fyrst lærde seg, var det bare nokre få som han heldt på:
Nokre slåttar bygde han ut og prega så sterkt at ein kan seie dei er hans slåttar:
- Olav Hegglands førespel
- Skjoldmøyslaget
- Hegglandens meisterstykke (Strømsingen)
- Rudsfjøddfossen (Fossegrimen)
Sjå også
Kjelde
- Olav Heggland i Setesdal Spelemannslag 50 år 1930-1980 ISBN 82-90300-01-8
- Olav Heggland i Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg 2 1996 ISBN 82-90723-19-9 side 193
- Hallvard T. Bjørgum: Førespel til Skjoldmøyslaget av Olav Heggland (1888-1974). I tekstheftet til Skjoldmøyslaget side 13
- Rolf Myklebust: Femti år med felemusikk 1982 ISBN 82-521-2211-6 side 63-65
Referansar
Eksterne lenker
- Profilar i norsk folkemusikk og folkedans Søk nede på sida.