Søren Sørensen: Skilnad mellom versjonar
s Ørliten språkvask |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune) |
||
| Line 19: | Line 19: | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1927]] | [[Kategori:Dødsfall i 1927]] | ||
[[Kategori:Apotekere]] | [[Kategori:Apotekere]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
Siste versjonen frå 18. februar 2017 kl. 16:09
| Søren Sørensen | ||
|---|---|---|
| Født: | 13. august 1873 | |
| Død: | 7. januar 1927 (53 år) | |
Søren Sørensen (fødd i Larvik 13. august 1873, død 7. januar 1927) var den første apotekaren i Evje.
Sørensen tok apotekeksamen i 1894. Etter det tenestegjorde han på apotek i Tvedestrand, Askim og på fem ulike stader på Austlandet. Han var svært interessert i organisasjonsspørsmål, botanikk, spesielt moseflora, starta Evje folkeakademi i 1917 og laga elektrisk tørkeskap med koltrådlamper.
Alt i 1911 blei det oppretta kontrakt mellom Evje Handelssamlag og apotekar Sørensen med tanke på å leige hus til apotek i Evje. Bygget skulle stå på eigedomen Vonheim, og skulle vere ferdig i mars 1914.
7. juli 1913 fekk Sørensen løyve til å drive apotek i Evje, og apotektet opna for publikum 30. april 1914.
På hausten 1919 vart det kjent at Sørensen ønska å flytte på seg. Han dreiv apoteket i Evje til april 1921, og heldt frivillig auksjon 6. april 1921.
Søren Sørensen hadde seinare løyve til å drive Askim apotek frå 23. desember 1920 til han døydde i 1927.
Kjelder
- Anfinn Lislevand, Evje apotek oppretta 28. mars 1913 - opna 30. april 1914, artikkel i Arnstein 2012, side 44-50