Olav Salveson Moi: Skilnad mellom versjonar
Minneord |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune) |
||
| Line 10: | Line 10: | ||
{{DEFAULTSORT:Moi, Olav Salveson}} | {{DEFAULTSORT:Moi, Olav Salveson}} | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1894]] | [[Kategori:Fødsler i 1894]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1982]] | [[Kategori:Dødsfall i 1982]] | ||
Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 15:57
| Olav Salveson Moi | ||
|---|---|---|
| Født: | 3. mai 1894 | |
| Død: | 25. august 1982 (88 år) | |
Olav Salveson Moi (fødd 3. mai 1894 på Hannås, død 25. august 1982) var kjent under bokstavane O.S.M. når han skreiv i aviser.
Gunvald Opstad har skrive om han i boka Sørlendinger og andre folk, Kolofon forlag 2012
30. august 1982 stod det eit minneord om han i Agderposten: O.S.M. er død. Olav Salveson Moi - for dei fleste kjend som O.S.M. er død. Heile sitt liv var han ein ungdom, men han var likevel blitt 88 år, denne røysta frå Tusseloftet som har forarga og inspirert så mange menneske både i Aust-Agder og Vest-Agder. O.S.M. var eigentleg tømmermålar, men det er som skribent og kåsør han er blitt namngjeten på Agder. Både i skrift og tale irriterte han mange - men han gledde fleire. Han hadde ei spesiell evne til å spøke med ting som andre tok alvorleg, han var ein innbitt motstandar av fylkesgrensa mellom dei to Agder-fylka og han hadde lite forståing for Arendalsfolks frykt for kristiansandarar og russarar. O.S.M. var Unge Venstre-mann og han sa sjølv at han blei meir og meir radikal etter kvart som han vart eldre. Men politikar var han ikkje, jamvel om han fekk møte partitoppane i Kreml. Heldigvis gav O.S.M. på sine eldre dagar ut fleire bøker med sprelske kåseri og beiske soger. Han vil lenge bli huska, mannen som skapte uttrykket «kjøtet frå Holt og åndi frå Tromøy».