Gunnar O. Uleberg: Skilnad mellom versjonar
personmal |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune) |
||
| Line 22: | Line 22: | ||
[[Kategori:Ordførere i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Ordførere i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Ap-politikere]] | [[Kategori:Ap-politikere]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 15:29
| Gunnar O. Uleberg | ||
|---|---|---|
| Født: | 15. april 1906 | |
| Død: | 4. oktober 1966 (60 år) | |
Knut Gunnar Olsen Uleberg var fødd 15. april 1906 og døydde 4. oktober 1966. Han var likningssjef og ordførar i både Hornnes kommune og i den samanslåtte Evje og Hornnes kommune.
Uleberg tok eksamen artium som privatist. Etter det tok han eksamen ved Handelsgymnasiet i Kristiansand. Han flytta så heim til Hornnes, og arbeidde i fleire år som jord-, skog- og vegarbeidar. I 1937 vart han tilsett som likningssjef i Hornnes kommune. Han styrte likningskontoret i Hornnes i alle år sidan. Då Hornnes og Evje frå 1. januar 1960 vart slått saman til ein kommune, vart Uleberg overflytta til Evje.
I 1939 vart Uleberg tilsett som formann og forretningsførar for forsyningsnemda i Hornnes. Han heldt fram i den posten til 31. mai 1941, då han vart arrestert og fengsla av tyskerane. Etter 2 1/2 månad på Møllergata 19 i Oslo, vart han sendt avgårde til Fuhlsbüttel i Tyskland.
Då Uleberg var 28 år, i 1934, blei han vald inn i Hornnes kommunestyre. Han representerte Arbeidarpartiet. Han vart straks vald til varaordførar. Dette vervet hadde han fram til krigsutbrotet i 1940. Ved valet til kommunestyre hausten 1945 blei han vald til ordførar, til Venstre overtok fleirtalet i kommunestyret i 1947. Uleberg heldt fram som representant i kommunestyret. I 1965 overtok han ordførarvervet i Evje og Hornnes kommune etter Torvald Haavardstad, og stod i dette til han døydde i 1966.
Gunnar Uleberg hadde ei lang rekke andre tillitsverv. Han var lenge formann i det frilynde ungdomslaget. Han var også ein flink felespelar, og mykje interessert i jakt og skytesport. Han var formann i Hornnes skyttarlag i mange år.
Då Gunnar Uleberg vart gravlagt var Hornnes kyrkje fylt til siste plass. Sokneprest Skavoll sa mellom anna dette i minnetalen: - Det fortel om kor mykje han har hatt å seie for samfunnet vårt. Han tok sine kunnskapar og sine evner i bruk for den bygda han var så glad i.
Kjelde
- Torbjørn Hansen, omtale av 60-årsdagen til Gunnar Uleberg i Fædrelandsvennen 15. april 1966
- Torbjørn Hansen, omtale av gravferda til Gunnar Uleberg i Fædrelandsvennen i oktober 1966
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 430 flg.