Vikestølvatnet: Skilnad mellom versjonar
s →Kart: reparert |
s →=Kart |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
Norges vassdrags- og energidirektorat, ''Vassdragskonsesjon til Lislevatn kraftverk'', dagsett 19. april 2012 | Norges vassdrags- og energidirektorat, ''Vassdragskonsesjon til Lislevatn kraftverk'', dagsett 19. april 2012 | ||
==Kart= | ==Kart== | ||
{{#display_map: 58.588982335488,7.964229583740234~Vikstølvatnet Evje}} | {{#display_map: 58.588982335488,7.964229583740234~Vikstølvatnet Evje}} | ||
[[Kategori:Vatn i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Vatn i Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 3. januar 2017 kl. 00:38
Vikestølvatnet ligg inne mellom heiene aust i Evje i Evje og Hornnes kommune. Det er 1,4 km² stort. Ut av vatnet renn Håtveitåna ned i Lislevatnet og vidare austover i Vegusdal til Tovdalselva.
Vikstølvatnet har ein naturleg vasstand på ca 437 m.o.h. Men vatnet vart regulert i samband med utnytting av Uldalsvassdraget til kraftproduksjon (Hanefossen kraftverk). Konsesjon til den utbygginga blei gjeven i 1957. Regulanten, Agder Energi Produksjon AS, har hatt tillating til å regulere vasshøgda med inntil 16 m. Dette har ført til at Vikstølvatnet i åra etter kraftutbygginga har hatt sterkt varierande vasstand, med stadige nedtappingar og oppfyllingar. Nedtappingane har skjedd gjennom ein tappetunnell gjennom fjellet og ut i Håtveitåna rett nedanfor Håtveitfossen i sørenden av Vikstølvatnet.
I 2012 gav Norges vassdrags- og energidirektorat Agder Energi Produksjon AS løyve til å byggje Lislevatn kraftverk i Evje og Hornnes kommune. Lislevatn kraftverk vil nytte Vikstølvatnet som inntaksmagasin. Tiltaket vil venteleg innebere at vatnet, som i dag vert regulert med inntil 16 m, jamt over vil få ein høgare og meir stabil vasstand. Regulanten vil av omsyn til erosjonsproblem ha ein sjølvpålagt, lågaste normal driftsvasstand i Vikstølvatnet på kote 428,67, dvs. maksimalt 8 m under naturleg vasstand. Bare ved trong for vedlikehald eller av omsyn til overordna vassføringskrav nedstraums vil magasinet tappast ned under kote 428,67.
Kjelder
Norges vassdrags- og energidirektorat, Vassdragskonsesjon til Lislevatn kraftverk, dagsett 19. april 2012