Husmannsplassen Hagen: Skilnad mellom versjonar
s Bilde |
Utvidet med litt historie |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
Husmannsskipnaden hadde eit stort omfang i delar av [[Setesdal]]. Hagen på Lauvdal er ein av dei få stadene der ei husmannsstoge er teken vare på i sitt opprinnelege miljø, utan ombygging m.m. | Husmannsskipnaden hadde eit stort omfang i delar av [[Setesdal]]. Hagen på Lauvdal er ein av dei få stadene der ei husmannsstoge er teken vare på i sitt opprinnelege miljø, utan ombygging m.m. | ||
== Historie == | |||
Hagen var husmannsplass under Nedre Nordgarden, og høyrde til bruket Nordlid. Det gjekk eit svært ras frå [[Ørnenapen]] i 1793. Mykje av den dyrka jorda i Nordgarden blei øydelagt av raset. Men den lille jordflekken som blei til Hagen, blei liggande igjen midt i ura. | |||
Pål Gunsteinson Lauvdal (fødd 1839) skal ha vore den første som bygsla Hagen. Han blei i 1871 gift med Gunhild Jonsdotter Krosstog (fødd 1846). Bror til Pål, [[Såve Gunsteinson Lauvdal]] (fødd 1853) overtok Hagen og sat med plassen til han døydde i 1942. Såve var gift med Gunhild Sjølluvsdotter (fødd 1860). Eitt av borna deira, [[Gunstein S. Lauvdal]], blei verande i Hagen etter foreldra sine. Han var vegvaktar i Bygland, men blei buande i stoga i Hagen heilt til han flytta til [[Byglandsheimen]] i høg alder. | |||
I nokre kjelder heiter det at Hagen blei fråflytta på 1960-talet. Men i eit intervju med Gunstein i Setesdølen er det opplysningar som tyder på at han har budd der mykje lenger, til langt ut på 1970-talet. | |||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[:no:Lauvdal|Lauvdal]] på Wikipedia (bokmål), besøkt [[29. mars 2015]] | *[[:no:Lauvdal|Lauvdal]] på Wikipedia (bokmål), besøkt [[29. mars 2015]] | ||
*[http://www.olavsrosa.no/objektinfo.aspx?id=962309 Husmannsplassen Hagen - Olavsrosa] | *[http://www.olavsrosa.no/objektinfo.aspx?id=962309 Husmannsplassen Hagen - Olavsrosa] | ||
*[http://www.nb.no/nbsok/nb/89472c9c43c0a3793a28cce0748173cd?index=1#335 Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 331, elektronisk utgåve hos Nasjonalbiblioteket] | |||
== Eksterne lenker == | == Eksterne lenker == | ||
Versjonen frå 28. desember 2016 kl. 07:42
Husmannsplassen Hagen ligg lengst nord på Lauvdal i Bygland. Plassen blei fråflytta på 1960-talet og har fått stå urørt sidan. I dag er han ein del av bygningsmassen til Setesdalsmuseet. Plassen ligg ved den gamle trasèen til Rv-9 gjennom bygda.
Husmannsskipnaden hadde eit stort omfang i delar av Setesdal. Hagen på Lauvdal er ein av dei få stadene der ei husmannsstoge er teken vare på i sitt opprinnelege miljø, utan ombygging m.m.
Historie
Hagen var husmannsplass under Nedre Nordgarden, og høyrde til bruket Nordlid. Det gjekk eit svært ras frå Ørnenapen i 1793. Mykje av den dyrka jorda i Nordgarden blei øydelagt av raset. Men den lille jordflekken som blei til Hagen, blei liggande igjen midt i ura.
Pål Gunsteinson Lauvdal (fødd 1839) skal ha vore den første som bygsla Hagen. Han blei i 1871 gift med Gunhild Jonsdotter Krosstog (fødd 1846). Bror til Pål, Såve Gunsteinson Lauvdal (fødd 1853) overtok Hagen og sat med plassen til han døydde i 1942. Såve var gift med Gunhild Sjølluvsdotter (fødd 1860). Eitt av borna deira, Gunstein S. Lauvdal, blei verande i Hagen etter foreldra sine. Han var vegvaktar i Bygland, men blei buande i stoga i Hagen heilt til han flytta til Byglandsheimen i høg alder.
I nokre kjelder heiter det at Hagen blei fråflytta på 1960-talet. Men i eit intervju med Gunstein i Setesdølen er det opplysningar som tyder på at han har budd der mykje lenger, til langt ut på 1970-talet.
Kjelder
- Lauvdal på Wikipedia (bokmål), besøkt 29. mars 2015
- Husmannsplassen Hagen - Olavsrosa
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 331, elektronisk utgåve hos Nasjonalbiblioteket