Såvesteinen: Skilnad mellom versjonar
s Språkpuss |
s Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Såvesteinen.jpg|miniatyr|350px|Såvesteinen ligg like ved [[riksveg 9]] i [[Sandnes]].{{byline|Reidar Tveito}}]] | [[Fil:Såvesteinen.jpg|miniatyr|350px|Såvesteinen ligg like ved [[riksveg 9]] i [[Sandnes]].{{byline|Reidar Tveito}}]] | ||
[[Fil:Såvesteinen Sandnes 201216.JPG|miniatyr|høyre|Såvesteinen etter det mislukka forsøket på å flytte han hausten 2016. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Såvesteinen''' er ein stein på [[Sandnes i Valle]]. Den er ei stor flyttblokk på jordet på austsida av vegen. | '''Såvesteinen''' er ein stein på [[Sandnes i Valle]]. Den er ei stor flyttblokk på jordet på austsida av vegen. | ||
Versjonen frå 21. desember 2016 kl. 14:22

Såvesteinen er ein stein på Sandnes i Valle. Den er ei stor flyttblokk på jordet på austsida av vegen.
Tradisjonen fortel at denne steinen kom med eit fælt ras for lenge sidan, og han vart liggjande midt i ålmannvegen. Bonden Såve ville flytte på steinen. Han prøvde difor å grave under han for å få det til. Men medan han heldt på med det, tok steinen til å rugge, så han greidde bare så vidt å kome seg opp og kaste seg unna. Treskorne hans vart liggjande att under steinen og skal framleis vere der.
Det budde ein Aslak Såvesson på Nordstog Sandnes (bnr. 1) i 1655, far hans var Såve Aslaksson, kan hende er det han sagnet er etter.
Men på 1700 talet budde Såve Gjermundsson Sandnes her. Og på 1800-talet budde Såve Aslaksson Bø på bruk nr. 6.
I samband med bygginga av den nye trasèen for Riksveg 9 forbi Sandnes, skapte Såvesteinen mykje hovudbry for Statens vegvesen. Steinen låg for nære den nye traséen, og måtte flyttast. Men eit forsøk hausten 2016 på å lyfte steinen vekk med ei svær mobilkran var ikkje vellukka, og nye forsøk måtte til.
Kjelder
- Statens Vegvesen: Konsekvensutgreiing rv.9 Sandnes – Harstadberg. Fagtema kulturmiljø side 8
- Johs. Bjørkeli, Såvesteinen skaper nytt hodebry for vegvesenet, artikkel i Fædrelandsvennen 7. desember 2016, side 13